Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Nett måtte sopelimen vera

Første sopelimen ungguten gjorde såg dei gamle på og tok sine merke. Var det ein nett og lugum lime, vellaga og finfansa – ja da var det rettleg storveges til teikn.

Var derimot limen stor og stygg og ilfansa da var det eit sers dårleg merke.

Det var den framtidige kona limane fortalde om.

Den første ville få ei vakker kone som stellte og ordna vel ikring seg. Det ville bli stor velstand.

For den andre ville det bli berre sorga – ei stygg og ilfansa kjerring som berre rota. Fatigdom og armod ville vera faste gjestar i huset.

Dette trudde dei i alle bygdene i Midtre Gauldal.

I Støren sat ein unggut og laga limar i kveldsæta. Ei gammal legdkjerring sat med bundinga.
Ho handfor den ferdige limen lenge og vel. Snudde og venda på han i skenet frå peisen.
Til slutt kasta ho limen ifrå seg.

–    ”Å beran meg for stygg ei kjerring du kjem te å få. Va mest vilder du let det vårrå.”

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *