Internt referansenummer: B-28.06.2013
Kilde:
LENSMENNER I ROGALAND
Av: Torkell Mauland
IV JÆREN
PRENTA I STAVANGER AFTENBLAD
1926

 

Niels Larsson Utsola (Lensmenner i Rogaland)

(SOLA SKIPREIDA)

 

Niels Larsson Utsola var lensmann 1741-1747. Han var gift med enkjo etter Knut Knutsson, og var sett upp i odels-manntalet med skyld 1 pund 15 spann etter skiftebrev 1. mars 1741. 1743 er uppgjeve at han var eigar av 159 riksdalar.

Seinare vart han gift med Margit (»Marta«) Pallesdotter. Dei var barnlause folk og gjorde ervebrev seg imill om 28. november 1761; Niels Larsson var då borgar og ibuar i Stavang. Den som livde lengst av deim, skulde sitja med heile buet uskift; men gifte den same seg upp att, skulde han ut med 50 rd. til ervingarne paa hi sida. Dette ervebrevet vart stadfest av kongen 15. januar 1762. Margit Pallesdotter vart gravlagd i Stavang 10. april 1762, 56 år gamall.

Tridje gongen vart Niels Larsson gift med Johanna Margreta de Fine. Dei og var barnlause og gjorde ervebrev seg imillom 12. september 1765. Den lengst-livande skulde sitja med all eigedomen, utan den same gifte seg upp att; då skulde ervingarne på si sida hava 15 slettdalar. Elles skulde ervingarne på båe sidor erva etter logi når dei båe hadde falle frå. Dette ervebrevet vart stadfest av kongen 1. juli 1768.

(Niels Larsson hadde fyrr butt på Horr og vore lensmann nokre år i Valla skipreida; sjå der. – A. S.)

 

Til Sola skipreida vart rekna 1661:

1.     Sola (Kyrkje-Sola), 6 pund korn; Håland nr. 14.

2.     Ølbør, 4 p. 3 vætter k.; Håland nr. 20.

3.     Utsola, 3 p. k.; Håland nr. 16.

4.     Tjora, 9 1/2 p. k.; Håland nr. 10.

5.     Nordre Kolnes, 5 p. 1 v. k.; Håland nr. 11.

6.     Søre Kolnes, 5 p. k.; Håland nr. 13.

7.     Sveinsvoll, 4 1/2 p. k.; Klepp nr. 49,

8.     Heigre, 4 p. k.; Høyland nr. 54.

9.     Byberg, 4 p. 1 v. k.; Håland nr. 25.

10.   Sømme, 6 p. 1 v. k.; Håland nr. 15. Herunder Fylevoll (?), 1 v.
        k. (øyde); no Fuglavik, Håland nr. 15,6?

11.    Tjelta, 3 p.3 v. k.; Håland nr. 28.

12.     Håland, 4 p. k.; Håland nr. 21.

13.     Myklabust, 6 p. k.; Håland nr. 3.

14.     Jaasund, 3 p. k.; Håland nr. 1. Herunder Meland (øyde), 1 v. k.; Håland nr. 2.

15.    Rekje, 3 1/2 p. 1/2: v. k.; Håland nr. 17.

16.    Meling, 3 p. k.; Håland nr. 5.

17.    Haga, 6 1/2 p. k.; Håland nr. 6.

18.    Dysjaland, 2 p. 1 v. k.; Håland nr. 27.

19.    Store Risa, 2 p. 3 v. k.; Håland nr. 7.

20.    Helland, 2 p. k.; Håland nr. 24.

21.    Rott, 2 1/2 p. k.; Håland nr. 12.

22.    Gimra, 2 p. k.; Håland nr. 29.

23.    Hugstad, 1 1/2 p. k.; Håland nr. 9.

24.    Vigdel, 1 1/2 p. k.; Håland nr. 22.

25.    Hellestø, 7 p. k.; Håland nr. 23.

26.    Meland (store), 1 p. k.; Håland nr 4.

27.    Litlaland, 3 1/2 v., k.; Håland nr. 19.

28.    Klingshei, 1/2 p. k.; Håland nr. 18.

29.    Harvaland, 1 v. 2 spann k.; Hå-land nr. 26.

30.    Litle Risa, 1 v. k.; Håland nr. 8.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.