Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Nils Svenstu Ophus

Han Nils var ein sværande god skyttar, og ein god kar var det elles og. Um seg sjølv hadde han lite aa fortelja fraa krigen, han Nils; men han hadde eit eller anna aa fortelja um andre. Han brukte si eiga børse i krigen, og kameratane hans tala um han hadde skote ein svenske paa 1000 alners maal med den børsa. Den børsa skal vera paa Furuset no.

Han Nils tala ved ein svenske sidan, som og hadde vore med i krigen, og so tala han paa det var mange taa kameratane hans som det hadde gaatt ille med under eit slag. Ja men eg saag deim taa mine det gjekk verre med eg, sa svensken, for eg møtte 16 vogner i eit fylgje, og alle var fulllasta med lik.

Ein dag hadde dei ein heidmerking, han Nils Oustad, med seg. Best det var tok det til aa skrangla so svært i koparkjelen hans Nils. Han hadde kokekar paa ryggen, ser du. Det var 6 mann um eit slikt kar. Dei kunde ikkje skyna kva dette var for eit spetakel, og so saag dei etter. Daa var det ei kule som sovidt hadde slege seg igjenom veggen paa karet, og so laag ho der og skrangla i botnen.

Det var ein annan heidmerking, han Nils Huseby fraa Stange, som møtte løytnant Siegholdt og ein solunggut som kom fraa eit slag. Dei hadde faatt saar baae to, so dei laut gaa tur, men det var ikkje verre enn dei gjekk sjølve. Siegholdt hadde ei kule i armen, og solungguten gjekk og heldt handa over nasen. No hadde han ei lita flaske paa seg han Nils, og so baud han løytnanten ein dram. Ja, den vilde han gjerne ha, og so bad han um aa faa ein aat solungen og. Han Nils vilde vita kva som feilte guten, og daa var det ein svenske som hadde vore kar um aa skjera taa ‘n nasetippen med sabelen sin, og detta blødde so lideleg. Drammen fekk han, og dei stod der litt og prata. Rett som det var høyrde dei det tusk’ til burti grankvisten, daa dei saag seg um, var det solungguten som gjorde eit rundkast. Han hadde vorte so uppliva taa den drammen han fekk, so han vilde prøva seg, um han dugde gaa attende.

«Je er nukk nasalaus; men faar je ein dram til, saa gaar je paa svensken att enno ei kule,» sa han. Ja, han fekk drammen, og so gav han seg med Huseby’n attende aat slaget.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *