Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

No kan du berre spenne for

Noen grannar på Tamneset i Brekken hadde vore i måsåfjellet etter lass. Det var vinter og strykande føre. Dei var inne på ein fjellgard og kvilde før dei tok på heimvegen for alvor. Det var godt med stallrom og hestane slapp å stå ute i snoa.

Karane fekk seg mat, prata om ver og vind og gjorde seg ferdige til å spenna for att. Da dei kom ut i stallen var den eine hesten så sjuk at det ikkje kunne vera snakk om å spenna han for. Mannen som åtte hesten kom inn og var på gråten. Dei andre var alt på vegen. Kona på garden var kjent for å vera sers flink med dyr. Kunne gjera for noko av kvart om ho berre var viljug til det. Ho var inne på rommet sitt og henta med seg noko der.

–    ”Vent lite grann her," sa ho til mannen.

Det bar ut med henne og ho vart borte ei god stund. Ho kom inn att og sette seg til rokken.

–    ”No kan du berre spenne for,” sa ho.

Og hesten var like sprek han – kva ho no kunne ha gjort med han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *