Kilde
FJELLOM FRÅ DALOM
AGDER I SEGN OG SOGE VIII
Av Magnus Breilid
MANDAL 1972

Nokre spelemenn i Bygland

Bjørn Hallvardson Tveitbakk

Bjørn Hallvardson Tveitbakk var beste spelemannen som setesdølene i U.S.A. visste om når dei dansa gangar. Han blei derfor ofte nytta der som spelar på bygdelagsstemner. Han kom frå Hylestad i 1907 og tok med seg over havet den norske tonen i tankane sine. Foreldra hans, Hallvard og Signe Tveitbakk, likte lite at son deira blei spelemann, men hjå søster si Gunvor — kona til John Olsen i Grand Forks, Nord Dakota – fekk han utvikla seg fritt som spelemann, og nådde opp millom dei beste. Han var den første læremeistar for storspelaren Olav T. Heggland.

Bjørn Tveitbakk døydde hausten 1951,og med han blei òg, slåttane hans borte.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *