Kilde
FJELLOM FRÅ DALOM
AGDER I SEGN OG SOGE VIII
Av Magnus Breilid
MANDAL 1972

Nokre spelemenn i Bygland

Daniel E. Åkhus

Daniel Eivindson Åkhus var son etter storspelaren Eivind D. Åkhus, og han blei òg ein god spelemann. Han spela både på flatfele og hardingfele, og slåttane lærde han av far sin alt i ung alder. På dei årvisse spelemannsstemnene i Setesdalslaget midtsommars, var han støtt, både før og etter farens død.

I 1900 då han studera musikk i Decorah,Iowa, kom far hans tilbake frå spelemannsferd i Noreg og hadde med seg den kjende «Strømsingfela», som han gav son sin. Året etter studera han musikk hjå professor Shefstad ved Nord Dakota Universitet i Grand Forks og nytta då sommarferien til å reisa rundt og halda felekonsertar for å skaffe seg pengar for vidare utdaning. Ti år seinare (1910) vart han gift med Geine Storkland som fylgde han trofast og spela piano når han heldt konsertar.

Daniel Åkhus har komponert fleire musikkstykke for felemusikk.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *