Kilde
FJELLOM FRÅ DALOM
AGDER I SEGN OG SOGE VIII
Av Magnus Breilid
MANDAL 1972

Nokre spelemenn i Bygland

Gunnar Liestøl

Gunnar Liestøl var fødd 25. april 1889, og var den yngste i barneflokken til Lars og Laura Liestøl på Frøysnes. Men Gunnar hadde også ein eldre bror som spela fele, nemleg Tomas Liestøl, og elles var det ikkje så langt mellom spelemennene i den tida. Gunnar kom til å busette seg i Vikelid på Sandnes i. Bygland, og han vart gift med Signe Haugen frå Araksbø. Vikelid var ein gammal husmannsplass, og barneheimen til diktaren Hallvard Sandnes som iblant skreiv under Iøyndenamnet Vigleik Vikli, og såleis gjorde dette namnet kjent utover landet.

Gunnar Liestøl hadde lært sølvsmedarbeidet av bror sin Olav, som dreiv som sølvsmed på Frøysnes. Sølvsmedarbeidet har nok vore hovudyrket hans, attåt det at han dreiv det vesle gardsbruket i Vikelid. Men elles har han vore borti skogsarbeid og litt av kvart. Spelinga har han hatt berre som ein morosam hobby, og ikkje lagt seg bort i kappleikar og slikt. Men han har spela i brudlaup og gjestebod, og folk har tykt godt om det mjuke, fine spelet hans. Når dette blir skrive, er han bortimot 80 år, og spelar nok ikkje større lenger. Men på Sandnes har det vore eit par spelemenn til, nemleg lærar Tor Sandnes, og Olav K. Sandnes, og det er vel rimeleg at desse av og til skifte slåttar med kvarandre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *