Kilde
FJELLOM FRÅ DALOM
AGDER I SEGN OG SOGE VIII
Av Magnus Breilid
MANDAL 1972

Nokre spelemenn i Bygland

Gunnar Tarjeison Lidi

Gunnar Tarjeison Lidi var fødd i 1854 på husmannsplassen Nordre Huset i
Bygland. Foreldra hans var Tarjei Hodne frå Åseral, og Jeidaug
Gunnarsdotter Åkhus. Tarjei Hodne var den første skulelærar i Setesdal
som hadde fullstendig utdaning frå lærarskulen.

Gunnar Tarjeison var på same alder som Eivind Danielsen Åkhus og Olav
Nese «der nord på Nese». Alle tre var oppglødde spelemenn, og lærde
slåttar av kvarandre fram gjennom barne og ungdomsåra.
Meisterspelemannen på deira tid i Bygland var Neri Gunsteinson Nese, og
alle hadde lært slåttar av han.

I 1879 kjøpte Gunnar seg gard oppe i Lidi i Jordalsbø. Det var det
gamle enkesete som før hadde tilhøyrt prestegarden. Gunnar var ein mann
som dyrka sine interesser når det høvde han, utan å ta større omsyn til
dei mange plikter som elles vil kvile på ein bonde. Han spela mykje i
brudlaup, og for ungdomen var han ein viljug spelemann å ty til, når
dei ville ha dansetrok. På den fine dansesletta nordanfor garden sat
han mang ein kveld og natt i den sterke steinstolen som
natura hadde laga til der, og som liksom var sjølvskriven for
spelemannen. Her møttest ungdom frå Jordalsbø og Bygland, og inne i den
mørke furuskogen har blitt svinga mangein glad dans. Gunnar var også
fast spelemann når det var fesjå i bygda. Han gledde dei frammøtte med
musikk og morosame songer. Han var ein god sogemann, og ein meister til
å ordlegge seg på ein råkande måte. Han heldt ofte kveldsete heime i
stova si i Udi. Han var keivhendt og heldt soleis fela med høgre handa,
og bogen i venstre. Men strengane på fela hadde han likevel på same
måten som alle andre spelemenn. Gunnar var på mange måtar ein original,
og tenkte mykje over mange slag spørsmål. Han var med på fleire
kappleikar, og serleg kjend gjorde han seg på ein kappleik på Knutsbakk
i Bygland i 1910. Medan Gunnar spela, hadde futen kome seg inn i
danseringen. Men då slutta spelemannen brått, og ropa så alle høyrde
det: «Alli ein slåtte mei så lenge fantefuten er i ringen. Han har
pantsett alt eg eige.» Stortingsmann Aasuiv Lande, som styrde
kappleiken, fekk godtala med futen, slik at han ikkje gjorde noko for å
straffa spelemannen.

Gunnar Lidi levde under vanskelege tilhøve heile sitt liv, og på sine
gamle dagar måtte han flytte frå heimen sin i Lidi, og til ei stove som
folk hadde sett opp til han eit stykke unna. Gunnar brokte berre
dusinfele, og ei tid hadde han den vidkjende «fantefela» etter Olav
Midtbø. Han hadde i sin ungdom fått kjøpt den av nokre fantar då han
var i spel-lære hjå Sven Dale i Tovdal. Gunnar Tarjeison Lidi døydde
ugift i 1935.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *