Kilde
FJELLOM FRÅ DALOM
AGDER I SEGN OG SOGE VIII
Av Magnus Breilid
MANDAL 1972

Nokre spelemenn i Bygland

Gunstein Eivindson Bygland

Gunstein Eivindson Bygland vart fødd på Bygland i 1910, son til Eivind Knutson Bygland og Sigrid Nerisdotter Nese, fødd 1882. Sigrid var den yngste i syskenflokken, og dotter til den kjende storspelemannen Neri Gunsteinson Nese, fødd i 1838, og døydde i 1883. Gunstein har nok arva sine musikalske evner etter bestefaren, som skulle ha eit sterkt og vent spel. Det same er tilfelle med Gunstein. Han har stor makt over instrumentet sitt, og kan også få sterkt ljod i fela. Men han er eit stemningsmenneske, og kan brått slå over frå det sterke til det mjuke og fine. Elles held han mest mogeleg oppe tradisjonen frå sine læremeistrar som var Neri Eivindson Hamre, Neri Olavson Nese, som reiste til Amerika, og Sven Eivindson Åkhus. Han har vore med på mange kappleikar, og nyttar jamt den slåttetradisjon han har frå Bygland. Han kjenner glede ved å spele, og musikken er noko av hans daglege brød. Han er gift, og busett i Kristiansand.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *