Kilde
FJELLOM FRÅ DALOM
AGDER I SEGN OG SOGE VIII
Av Magnus Breilid
MANDAL 1972

Nokre spelemenn i Bygland

Neri Olavson Nese

Neri Olavson Nese var son til Olav Nerison i hans første ekteskap, og fødd i 1902. Han hadde venteleg arva dei musikalske evnene etter hestefaren Neri Gunnsteinson Nese, som var fødd i 1838. Neri Olav-son var tidleg ein god spelemann, og han var så sterkt opptatt av musikken, at det vart lite av med anna arbeid. Han hadde eit framifrå reint og fint spel, og var ikkje først og fremst dansespelemann. Han likte betre å spele lydarslåttar. Han var jamaldringar med Sven Eivindson Åkhus og Olav Knutson Sandnes, som båe var gode spelemenn. Neri var med på mange kappleikar, og fekk ofte første premie. På Gimlemoen spela han mykje for både soldatar og befal. Han hadde eit sers fintstilt sinn, og fann seg ikkje alltid tilrette på heimlege trakter. Han reiste til Amerika i 1928. Der spela han mykje saman med Omund Eivindson Hamre, som var son til Eivind Omundson Frøyrak-Hamre frå Bygland. Men Neri Olavson Nese døydde alt i 1930, og er gravlagt i Amerika. Han var ugift.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *