Kilde
FJELLOM FRÅ DALOM
AGDER I SEGN OG SOGE VIII
Av Magnus Breilid
MANDAL 1972

Nokre spelemenn i Bygland

Olav G. Nese

Min bestefar, Olav G. Nese i Bygland var født på nordre Nese 1854 og døydde i 1890, berre 36 år gamal, fortel Nere Nese til oss. Olav var ein god spelemann, sa dei gamle. Han hadde lært slåttar av stor-spelaren Nere på granne-garden. «Ola der nord «stal» slåttar frå meg», hermde dei etter Nere.

Olav reiste til Amerika 24 år gamal, og her gifta han seg og tok bustad med huslyden sin i Fischer, Minnesota i 10 år.

Olav vart mykje nytta som spelemann mellom setesdøler i Minnesota, fortalde bestemor Gyro. Han vart henta lange vegar for å spela til dans, sa ho.

Men så måtte dei heim for å overtaka garden på Nese, og her døydde Olav straks dei var heimkomen, så garden hoppa forbi han og fram til mor.

Olav spela nauende vent, sa dei gamle.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *