Kilde

FJELLOM FRÅ DALOM

AGDER I SEGN OG SOGE VIII

Av Magnus Breilid

MANDAL 1972

Nokre spelemenn i Bygland

Olav Midbø i Jordalsbø.

Olav Midbø i Jordalsbø, f. 1836, var ihuga etter å læra felespel og tente derfor i mange år hjå spelemennene Sven Dale i Tovdal og Ånen Smeland i Gjøvdal. Hjå dei fekk han læra både springar og gangar. Midt i hardaste haustonna høvde det at Ånen sa til Olav at nå laut dei inn i stova og hava seg nokre slåttar på fela. Det var berre ei dusifela han hadde, Olav, og dei kalla ho ikkje anna enn «Fantefela». Olav fingra betre på strengane enn han strauk dei med bogen. Det lydde så naudande vent spelet hans.

Eivind Åkhus lærde slåttar av Olav då dei låg i heia med buskapen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *