Kilde
FJELLOM FRÅ DALOM
AGDER I SEGN OG SOGE VIII
Av Magnus Breilid
MANDAL 1972

Nokre spelemenn i Bygland

Olav Nerison Nese

Olav Nerison Nese som var fødd i 1880, og var yngste son til den kjende spelemannen Neri Gunnsteinson Nese, fødd i 1838. Heile denne slekta var uvanleg musikalske folk, og Olav hadde stor hug til fela alt i barneåra. I sin første ungdom spela han mykje i leik og lag, men etter at han gifte seg i 1898, vart det mange vanskar å stri med, og han fekk nok ikkje den utvikling som han skulle hatt. Barneflokken vart etter kvart stor, og han måtte slite og streve seint og tidleg for å skaffa det daglege brød. Etter ein hard arbeidsdag er det ikkje så lett å ta til fela, jamvel for ein kjempekar som han. Elles kom han også inn i religiøse gruvlingar, noko som også skipla spelet hans, for i den tida trudde mange at fela høyrde mørkemaktene til. Olav Nese hadde også ei uvanleg god songrøyst, og folk flokka seg gjerne om han for å høyre han synge.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *