Kilde
FJELLOM FRÅ DALOM
AGDER I SEGN OG SOGE VIII
Av Magnus Breilid
MANDAL 1972

Nokre spelemenn i Bygland

Sam Sørensen

Sam Sørensen var født i Glenwood, Pope Country i Minnesota i 1871 og hadde aldri set Noreg. Likevel blei han ein sers god spelemann på hardingfele, og kunne spela dei norske slåttane kjenslefint. Foreldra hans var komne frå Bygland og fór til Amerika i 1841.

I1891 blei Sam Sørensen gift med Tildy Aslagson, som ogso var av setesdals-slekt.

Sam Sørensen spela både hardingfele og flatfele og var sjølv felemakar og vølte feler for andre. Han lærde ogso opp dei tri døtrene sine til å spele fele, og den eldste av dei, Ausilga, blei nokså kjent violinist. Dei norske slåttane lærde nok Sam av nordmenn, serleg Eivind Åkhus og Bjørn Tveitbakk.

Sam Sørensen døydde i Bygland, Minnesota i 1947.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *