Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Nominasjonsmøtet i Gloppen Senterparti…

På gardsnr. 1 i Gloppen budde to grannar. No var det allment kjent at desse karane hadde kvart sitt syn på kven som skulle vere med i kommunestyret.

Nominasjonsmøtet i Senterpartiet var sett til kl. 10 på føremiddagen i heradshuset.

Den eine av desse grannane møtte i rett tid, den andre hadde mishugsa seg og møtte klokka 2.

Etterpå var det nokon som ville vite kvifor han ikkje var på nominasjonsmøtet.

– Jau, eg var på nominasjonsmøtet, sa han, men eg tok feil av møtetida, så dei var ferdige då eg kom. Men det gjorde vel ikkje noko, grannen var der i rett tid, så vårt syn kom no fram likevel.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *