Internt referansenummer: 09.02.2022 – BOK
Kilde:
Gamle Hallingdal
Hefte nr. 3 – 1985
Samlet inn av: Paul Breiehagen
Redaktør: Sigbjørn Tormodsgard
Hallingprent Forlag A.S
1985
https://www.hallingdolen.no/

«Nordmenn er foretrukne»

Tidene skifter. Skal ein til Amerika i dag må ein ha skikkeleg med papir og prov på kven ein er, dokumentasjon på at ein har pengar nok til å koma seg heimatt og ein bør ikkje ha tukla for mykje på ytre venstre politisk.

For ikkje meir enn 70-80 år sidan vart det drive sterk agitasjon frå Amerika for å få folk over. «Homesteadlova» av 1862 var ein mektig impuls. Då fekk den som ville ein kvarting jord (650 mål) utan annan betaling enn eit lite oppmålingsgebyr.

Jernbanen vart bygd ut i privat regi i Amerika, og dei fekk hand om mykje jord. Dei var sjølvsagt interesserte i størst mogleg trafikk og dreiv såleis aktivt sal. Det same galdt reiarlag som sigla på Amerika.

Agitasjonen frå jernbane og reiarlag sette fart i emigrasjonen. Det var organisert med agentar rundt om i dalane, i ei liten bygd i Gudbrandsdalen var det t.d. ikkje mindre enn 11 agentar omkring århundreskiftet.

Også i Hallingdal var det folk som agiterte for «Det store landet». Det vart sendt rundt skrifter og slått opp plakatar.

På eit gammalt postkort av eit interiør i ein husmannsheim er ein slik plakat av eit dampskip med to piper ute på ville havet, med «White Star Line» i store bokstavar, plassert på heidersplassen i stugu. Borti eit hjørna heng bilete av Kongefamilien.

Biletet her er av ein slik plakat for «Den norske Amerikalinje». Mellom anna står det her at «Nordmenn er foretrukne i Kanada» og ein kunne reise på vanleg pass og trong ikkje visum.

Og «arbeide skaffes og reisen ordnes hurtig og sikkert».

I Canada er det etterkomarar etter engelskmenn og franskmenn som dominerer. Av nordisk opphav er det no omlag 2,3 prosent, av norsk ætt 0,8 prosent. Det tilsvarar snautt 200.000 innbyggarar.

H.d. 4. august 1984.

«Den norske Amerikalinje»

Mer informasjon om heftet «Gamle Hallingdal»

Serien «Gamle Hallingdal» går no i Hallingdølen på sjuande året.

Både i 1983 og i 1984 gav me ut ein del av bileta med forkorta tekst i bokform. Og her er me med tredje utgåva.

Det er journalist Paul Breiehagen som har hovudansvaret for «Gamle Hallingdal» både i avisa og denne boka. På dette stoffområdet er Paul Breiehagen utan tvil «rett mann på rett stad». Få kjenner bygdesoga for Hallingdal betre enn han, i tillegg har han hatt bygdebøkene å stø seg til og ein del av stoffet har han fått fram gjennom samtaler med kjentfolk (til dei ymse bileta).

Det er vår von at me med desse hefta er med og reddar verdifull informasjon for ettertida.

Ål 20. oktober 1985.
Sigbjørn Tormodsgard

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.