Internt referansenummer: 01.10.2010-A

Kilde:
GJØMT, MEN IKKJE GLEMT- DET HENDE I EI TRØNDERBYGD
Av:
Sturla Brørs
Utgjeve og prenta av:
Rune Forlag, Trondheim 1980
ISBN 523-0230-0

Nybrottsmenn

 

Det var mange som tok til med nybrottsbruk i 1930-åra, men ikkje alle greidde å fullføre verket. Anna og Olav Tanem kan stå som døme på dei som greidde det. I 1967 fekk dei Selskapet Ny Jords diplom for nydyrkingsarbeidet sitt, og i den samanhengen kom dei i avisene og. Her er noko av det som kom fram i Trønder-Avisa etter dei hadde spurt ut nybrottsparet:

Dei tok til med nybrottsarbeidet på Morkamyra straks etter dei hadde gifta seg i 1937. 30 år seinare var den nye garden på 100 mål dyrkajord. Dyrka med handmakt. Tanem bynte arbeidsdagen sin i jordbruket i 15-årsalderen, han dreiv da særleg med grøfting. Betalinga den første tida var 9 øre for meteren og kosten. Det vart ikkje mange pengar av det, men mange meter grøft — heile 36.000 meter. Teke med handmakt! Om vinteren var det å arbeide i skogen, inntekta vart det å ta utanfor bruket heilt fram til etter krigen. Garden måtte ho Anna greie med når han var borte. Men han tok sin tørn når han kom heim om kvelden. — Eg hugsar vi slo korn i måneskinet mange gonger, og nylandarbeidet gjekk ofte for seg utover til midnatt, fortalde ho. 8 timar arbeidsdag? — Nei, det var ikkje det den gongen. 150 til 200 mål vil Tanem garden skal bli!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *