Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

NYKKJEN

Nykkjen bur i vatn og tjønner, i elvar og store fossar. Folk tenkjer seg honom som ein gamal mann med vassgrøne augo, høge øyro og langt, breidt skjegg som det dryp vatn av når han kjem upp or djupet. Elles hev han spjøyrer og fiskespor då han allstødt lever i vatn. Han er meir fredsæl enn mange av slektningane sine. Han likar helst å få vere i fred og ro i tjønna eller fossen der han held til. Um vintrane sit han på botnen av dei tilfrosne vatna og ventar på vårsola, då høyrer folk ofte at han sakkar tungt. Men um sumaren er han glad og lettliva. Då kan ein høyra honom spela på harpa si i fossane. Di meir vatnet vetter seg over honom, di lystigare spelar han, men i dei kyrre sumarkveldane kan spelet ofte vendast til ein veik sorgfull sus mest som kjøvd gråt.

Eg minnest so vel eit lite rim som bestemor song åt meg då eg var liten:

«Høyr fossedur
er nykkelur,
og sus frå, elv
er streng som skjelv
på harpa hans.»

«Kor sårt det læt;
for nykkjen græt.
– Men ler no lell
for i sitt spel
han ler igjenom tåre.»

M. B. 1912.

Nykkjen i Vasskopvatnet

Ein gamal mann frå Uppsal såg ein gong nykkjen. Han fór ein haust uppe i Skorgedalen og leita etter sauer. Då han kom upp til Vasskopvatnet, sette han seg for å kvile eit bil. Medan han sat der, vart han var noko som låg og flaut eit stykke frå land. Han tykte så skileg at han høyrde kor det raut som når ein sov tungt. Han gjekk då nærmare og vart var at det var nykkjen som låg og kvilte middag. Lars, so heitte mannen, tok ein stein og skyssa etter trollet. Då vakna nykkjen og såg upp. Øyrene hans var som dei digraste bladvottar, og det berre sikla og draup av skjegget hans. So gjorde han eit kast som ei nise når ho er uppe og pustar, so Lars fekk sjå sporen blenkje i vasstrømen, — og burte var han.

M. B. 1903.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *