Internt referansenummer: 04.10.2009 – A
Kilde:
Folkeminne frå Sunnmøre II
Jørgen Gjerding
Ålesund 1932
I kommisjon hjå Alb. Gjørtz Bokhandel
Klikk her for å lese en ”innledning” til boken.

Nylingsteinen i  Sykkylven

Ved bygdevegen millom Straume og Dravlaus var det ein stor stein som dei kalla Nylingssteinen. Han var vel to m. høg, tverrbratt på den sida som vende mot vegen og heller bratt på hine siden ogso, so han var vond å klive op på, men oppå var han flat.

I gamle dagar var det skikken at alle som gjekk frammed denne steinen, skulde lette på hatten (eller hua), og somme tider skulde der vore sedd ein liten, gammal mann stå attmed steinen; men då ingen kjendest ved han, og han kom so dåtteleg vekk, kunde dei ikkje tenkje seg at han høyrde til rette folket.

Nokre smågjenter som leika seg attmed denne steinen for ei 50 år sidan, stakk nokre trepinnar bort-under han, og då dei skulde drage dei åt seg att, greidde dei det ikkje, kor dei tøygde og drog i. Dei fekk støtt den trua at det var ei sers kraft som heldt att, når dei drog i sin ende av trepinnane.

Ei kone som no er omlag 60 år, var med og leika seg attmed Nylingssteinen den gongen, og ho hev fortalt dette. No er denne steinen ikkje lenger til. Ein mann fra Straume såg seg nytte i han og mina honom sund til fjøsmurane sine, for ei 9-10 år sidan.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *