Internt referansenummer: 01.10.2010-A

Kilde:
GJØMT, MEN IKKJE GLEMT- DET HENDE I EI TRØNDERBYGD
Av:
Sturla Brørs
Utgjeve og prenta av:
Rune Forlag, Trondheim 1980
ISBN 523-0230-0

Nyreising av nedfallen gard

 

Den eine Kalnes-garden låg som haustingsbruk i 72 år og forfall, men vart så reist oppatt av Bernt og Aage Kalnes, far og son. Det er ei mest utruleg soge om pågangsmot og styrke. Det fanst ikkje hus på garden da Bernt frå husmannsplassen Åsneskleiva kjøpte han i 1897. Han fekk i handelen med ei lita stue og ei masstue frå ein annan nedlagd gard. Dei to husa flytta han til Kaines, stua til å bu i, masstua til fjøs. I dette fjøset fekk han så vidt rom for hest og 4 kyr. Året etter skøytte han på fjøset så det vart rom åt 10. Det greidde seg tida hans ut. I 1918 døydde han, og Aage tok over. Han bygde 10 år seinare ny uthusbygning med rom åt 18 kyr, 3 hestar, sauer og gris. Ny, stor stugulån bygde han og. Og så dreiv han nydyrking, her var særleg mykje myr å ta av. Da han i 1962 gav frå seg garden til dotter og verson var han på 210 mål dyrkajord. Og ettermannen har halde fram med nydyrkinga, så no er han vel på over 300 mål.

– Ein provins vunnen attende til landet? Ja, kjem vi ikkje atter til å tenkje på songen til Henrik Wergeland om Nils Justesen: – «en Myr til et Hetland han gjør med Sved»?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *