Internt referansenummer:B-000011
Kilde
DANS OG SOGER TIL TUDDALSTONAR
Av: O. J. Rui
Utgjeve av Tuddal Spelemannslag ved 25 års-jubileet 1974.
Klikk her for å lese forordet

O. J. Rui er fødd 1897

(Mennesket og tonen)

KNUT BUEN Skriver om OLAV J. RUI.

o_j_rui.jpgForfattaren og spelemannen O. J. Rui er fødd 1897. Olav fortel at han var ein 18 år da han tok til å spela. Han lånte da ei fele av naboen Svein Rue. Dei fyrste han lærde noko av var Svein og
Tarkjell Rue og Olav Djuvstul. Ellers var det no sjølvsagt Svein Løndal som var det store idealet.

– ”Eg høyrde Svein da eg va' gutongje og da tenkte eg at det måtte vore fælanes moro å ha lært o spølå» fortel Oalv.

Han fortel vidare at han var mykje i lag med Olav Nilsen som ung. Dei spela dansar saman deses to. Olav Rui hadde lenge ei fele som han kaupte av Hans Tjønn. Den var det gran i botnen på og hard-ved i loket. Men fela let fint den, seier fleire. I 1917 fekk Olav ei fele av morbror sin, Gjermund Våle. Det er ei Hans Johnsen & søn fele og han har ho enno som like fin.

Olav var ein av dei fyrste som fekk grammafon i Tuddal og soleis skaffa han seg fleire feleplater. Olav har alltid vore ivrig inntresera i folkemusikk og har bl.a. skrive den fine boka om Svein Løndal. Frå si ungdomstid fortel Olav:

– ”Det va' i 1925. Eg va'på heie o' slo. So kom det åder ifrå Bitringsnatten om eg ville kåmå nord o' spølå fe Fridtjof Backer Grendahl. Han hadde enda me' seg dotter te Gunnar Knudsen. Jau, eg reiste da nord og eg hugsa eg va ulikleg nervos da eg sku' te spølå fe slik en musikar, veit du. Men det va' gode tilhøyrera, Dem lydde ette' hvert takje eg tok. ”Nå må du spille bygdens toner for meg” sa Backer Grendahl. Og eg spolå da, so godt eg konne. Da fekk eg 10 kronu ta Backer Grandahl og fem ta frøken Knudsen. De' va' mykjy det den gongen.» Seinare fekk mor til O. J. Rui brev ifrå Grandahl som var i England. I brevet stod det blandt anna: Jeg kan aldri glemme hvor vakkert Ole Rue spillte for meg. «Det va' innspirasjon o' få det» seier Olav. «Eg fekk slik lyst te o' spølå ette'på. Jammen e' det rart håtte eit godord kan jørå».

Olav har alltid lagt seg etter å spela fint og forsiktig. Den store kjennskapen hans til folkemusikken i Tuddal vil lesaren njote godt av i boka her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *