Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Ogna kyrkja

Daa dei bygde Ogna-kyrkjo, segjer dei ho vart flutt. Dei hadde fare til aa byggja ved Helgaai ein halv fjordung veg nordanfyr Ogna, og der var dei ferduge med heile bygningen, eller i minsto med murarne. So var det ei natt ho vart flutt heil og haldi fraa Helgaai til den staden som ho no stend. Dei trudde det til fire munkar, at dei hadde teke henne heil og haldi og bore henne til den nye staden. Elles skal det ikkje vera reint trutt der ved Helgaai. Ein gong kom ein mann ridande der framum med natti, og best som det daa var, kunde han ikkje faa øyken fram. Han prøvde paa mange maatar: steig av og vilde leida øyken, sette seg uppaa atter og jaga paa med svipa; men han kom ikkje av tverre staden fyrr han tok upp kniven og skar rundt ikring alle fire foterne aat hesten og um sadlen. Daa han so sette seg uppaa, daa gjekk det og det fort og. Det gjekk i eit tansprang og stadna ikkje fyrr han var ut-fyre stalldøri heime.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.