Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Også grisen…

I Gauldalsbygdene var det vanleg at kona sjøl henta smågrisen til gards. Da ho kom heim med grisen slapp han laus på kjøkkenet eller inne i stova. Store karen var han ikkje for heilt fram i tjugeåra vart grisen selt vekegammal.

Og så vart da grisen gåande på golvet i stova første veka han var på garden. Dette skulle gjera grisen triveleg og han skulle få god veksekraft i seg.

Smågrisen vart godven med borna i huset, og det rann nok mang ei tåre den dagen grisen måtte ut i grisegaren.

Det er fortald om to gammalungkarar som hadde grisene inne til dei var styvingstore. Den eldste av dei hadde dressert grisane slik at dei gjekk opp i ei kasse og la møkka ifrå seg der.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *