Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Ola Brenn

 

Mest nemngjeten taa dei elvdølane som var ute i krigen var Ola Brenn. Han var slik framifraa skyttar, og dertil slikt eit godt og gladlyndt menneskje. Han hadde si eiga børse i krigen; far hans fann paa aa gjera rom aat to lateinar paa henne. Børsa er til enno, skal vera paa Landet. Han var tidleg tilvand med børsa og han Ola, for dei fortel at alt med han var so liten han gjekk i kjole, gjekk han og stabba med børsa nede ved elva og skaut ender.

Ho gret mor hans, daa han skulde i krigen. Men han var lettliva daa som vanleg og slo det berre burt i gaperi til aa trøysta henne.

«Graat itte du mor!» sa han, «fekk je døm berre taadelt di svenska som fell paa meg, skulde je snart vara her att»

Fyrset paa han lagg ute fekk han ofte tiltal taa kapteinen, for han gjekk med so sunde klæde. Ja men klæda var no sunde, og han hadde ikkje meir enn ei mundering faatt, han Ola. Ja so -fekk han bøta. «Je har ingen bøtter,» sa ‘n Ola. «Aa det er det samme hvad det er, det maa da finnes nogen kluter aa sette paa,» sa kapteinen, og so vart han tilsagd han skulde bøta. Han Ola fann seg nokre lappar med alle slags leter, mode, kvite, gule og blaa, og sette deim paa ettersom det kunde falla seg. Men daa glaamde kapteinen daa han kom paa lina att.

«Nei se Ole Brenn i dag,» sa han, «han ser ut som et svin fra topp fil taa.»

Men daa fekk han anna mundering, og det var det han hadde tenkt ut han Ola.

Kapteinen trudde lenge han Ola var berre so ein spetakelmakar som det ikkje fanst aalvor i; men daa dei kom ut i kampen, fekk han ei anna meining um honom. Det var ikkje lenge fyrr han fekk sjaa kva to det var i han, og daa vart det fraasagt det han Ola i kampen skulde faa gaa som han vilde utan kommando, for daa kunde han tene landet best, vart det sagt, og attaat skulde han ha ein mann med seg til aa la. Og laag han i skyttarlina kunde han ta alle dei han trengde til aa la, so han berre fekk liggja og skyta.

Fraa alle fyrst av tykte han det var vondt aa skyta paa svensken, og gjorde ikkje meir av seg han enn andre; men so fekk ein taa kameratane hans eit skot i magen, og han laag og vreid seg som ein orm kring beina paa han og naudbad han um aa drepa seg. Daa rende han i fraa og burt i kvassaste striden.

Ein gong han sprang over ein opning i skogen, fekk han sjaa ein svenske sikta paa seg. Daa slengde han børsa uppaat kinnet med han sprang, og skaut svensken.

Ein annan gong rende han framum ein svenske som laag daud attmed ein stein. Daa fekk han hrøyra det knapp til bak seg. Han tversnudde, for han kjende den kneppinga, det laut vera ein som spende hanen. Og so var det. Den svensken som laag daud hadde flutt seg bak steinen og spent hanen. Men fyrr han vann løysa skotet stod han Ola og heldt børspipa mot bringa paa ‘n. Daa vart svensken redd.

«Nåde, norska gossa!» sa han, «vi äro alla här tvungna.» Og naade fekk han.

I eit skarpt slag laag han bak ein diger stein og hadde 4 mann til aa la aat seg. Dei som var med og ladde sa det datt ein mann for kvart skot for honom. Og svenskane hadde nok vorte vari det laag ein faarleg mann bak denne steinen, for dit skaut dei slik, det small i steinen i eininga taa alle kulone som kom, og daa slaget var slutt, var steinen blaa taa bly.

Daa han kom heimatt, vart han spurd um han hadde skote mange. Ja det visste han ikkje, for i slaget saag ein det ikkje so vel, og ein var no likeglad med aa sjaa det og. Ein gong laut han tydeleg sjaa det, sa han. Han var i kamp aaleine mot tri svenskar som stod uppe paa ein haug. Dei vart no liggjande alle tri. Men det tykte mor hans vart for fælt.

«Du skøt da full itte paa folk lel, Ola?» sa ho.

Han sat paa ein stor gard i heimbygda, og var mang ein gong god aa finne for fatigfolk, ja andre og. Det gjekk ingen uhjelpt fraa honom, so lenge han hadde noko aa hjelpa folk med. Helst var han god aa finna i forknipa um vaaren. Daa kom det so mange raadlause dit, og so lenge han hadde, fekk dei. Difor tykte og alle folk det var so vondt, daa det gjekk ut med han paa slutten, Og ingen taa ætta er det att etter han. Han hadde ei dotter, og ho døydde barnlaus.

Millom dei som var ute var og Halvor Pedersen Stai. Det var ein svært sterk og god kar. Um honom fortel dei, at daa han kom att fraa krigen, kom han andre sida aat elva, og so fann han ingen baat beint for garden. Men daa kasta han seg aat med klæda paa og sumde over.

So var det ein svenske i bygda, dei kalla Svenske-Hans. Han vart teken til fange i 1814, og daa han slapp lans att, slo han seg likso godt til her i landet, og kom aat Storelvdalen. Han døydde paa Vestgard.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.