Internt referansenummer:B-000011
Kilde
DANS OG SOGER TIL TUDDALSTONAR
Av: O. J. Rui
Utgjeve av Tuddal Spelemannslag ved 25 års-jubileet 1974.
Klikk her for å lese forordet

Ola G. Agerhus f. 1848

(Mennesket og tonen)


Ola G. Agerhus f. 1848 var frå plassen Agerhus høgtt uppe i Hovdåsen. Deruppe var det verhardt og vildt og eit ekte naturens songverk stod på til alle dølrets tider uti busteskog og sundrevne ufser. Farbror åt Ola var den kjende rosemålaren John Bjørnson. Ola flutte seinare til Kvitålia. Bror hans John Gregersen Stuvrud var bestefar til spelemannen Gjermund Haugen, Notodden. Slåtten Agerhus'n er etter Ola. I yngre år var han ein mann med humor: — Det er tri av dei, sa han om seg sjølv. — De e Gregersen, Agerhus'n o Li-mann. Då han vart eldre slutta han å spele og heldt seg gjerne med boka.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *