Internt referansenummer:B-000011
Kilde
DANS OG SOGER TIL TUDDALSTONAR
Av: O. J. Rui
Utgjeve av Tuddal Spelemannslag ved 25 års-jubileet 1974.
Klikk her for å lese forordet

Ola Juvstul f. 1870

(Mennesket og tonen)

Ola Juvstul f. 1870 var ein lettliva humørfyldt mann. Han fekk alltid låtten på glid når han kom seisande og buldra meiningane sine ut. Men han var mjuk og letthendt når han tok i fela og hadde ein lett hivande takt. Det var som einkvan sat og kvad når han spela. — Ho tulla fela fe Juvstul'n, sa dei. Han var av dei betre spelemennene og gamle Tora Reisjå sa han spela likt Sud-Bøen. Han vart ofte send bod på og med helgane var der folk som ville få han til å spele. Ola var i Amerika ei tid. Då han kom heimatt hadde han med seg Hellandfelur, både for seg og for broren Hans. Nokre av slåttane dei bruka var Skinnarland, Du o fae min, Geitehytten, Håvardsdraumen og Signe. — Ola vart 95 år.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *