Internt referansenummer:B-000011
Kilde
DANS OG SOGER TIL TUDDALSTONAR
Av: O. J. Rui
Utgjeve av Tuddal Spelemannslag ved 25 års-jubileet 1974.
Klikk her for å lese forordet

Ola Kittilsen Nygarden f. 1855

(Mennesket og tonen)

Ola Kittilsen Nygarden f. 1855 var son åt før omtala Kittil. Som faren var han ofte innom i Lynidalen og hadde alltid ein trufast åhøyrar i unge Svein. Ola var i skræddarlære hjå far åt Hans Smeland i Seljord. Då han kom att hadde han mange nye slåttar og var tolleg flink spelemann. Han kom til å slå i Lynidalen eit par somrar. Då vart der spela og gjenom Ola fekk Svein ei ny farge innslegen i sitt enno uferdige tonemynster. Han hadde Steintjønndalsfele. Han drog sidan til Amerika. — Ola var godfar til Svein Venås.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *