Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Ola Kvernnes

Han var ikkje meir enn 16 aar daa han vart med. Daa han skulde aat krigen, sette far hans svidjarnet paa fuglbørsa si og gav guten.

Han tala um fyrste kampen han var med i. Det saag stygt ut. Kulone peip um deim, og barnaala spruta. «Je gret og skot, og ladde att og skot som je var vetløs,» sa han. Med han so skunda seg slik og ladde, sette kula seg fast midt i pipa Han skulde daa slaa ned kula med lateinen, og slo daa aat so hardt han sette lateinen tvert igjennom handa. Men handa grodde snart att, og det var ikkje so lenge fyrr han vart med att. Han hadde heimlov ei tid um sumaren, so vidt han fekk sjaa heim, og det var truleg den tida han var uferdug i handa.

Ein gong var han med dei laut gaa attende 14 timar utan stans. Det var dikta ei vise og um dette, og den song han naar han tala um det.

Det verste var aa koma over desse stakkarane som laag der skamskotne og hjelpeslause. Det var mang ein taa deim, baade norske og svenske, som bad oss hjelpa seg med ei kule.

«Det var nok døm som gjorde det eu, fast je hadde alder hjartlag til det,» sa han.

Daa han kom heimatt fraa krigen var han 17 aar, og skulde gaa og lesa for presten. Han var ikkje so rar karen i boka, og trudde sjølv han skulde koma stygg-langt ned paa kyrkjegolvet den dagen dei las for altaren. Men presten sa det den som hadde vore ute og vaagd livet for fedrelandet, han skulde staa som nummer 1 paa kyrkjegolvet, og soleis vart det! Han stod øvst, og i full mundering. Han Ola var 95 aar, daa han døydde.

Det var to brør og fraa ein Kvernnes-gard, Morten og Embret Olsøner.

Han Morten fekk ei kule gjenom laaret, men slapp elles utan skade. Verre vart det med’n Embret. Krigen tok slik paa han, so’n han vart sjuk paa sinnet. Han livde 30-40 aar etterpaa, men vart aldri rettvis att.

Aa ja, det var mange som fekk mein etter krigen, soleis. Han Embret Toresen fraa Holmsvika vart so stygt gigtbroten taa det han fraus i krigen. Han var harm mang ein gong daa han var gamal, og høyrde ungdomen jamra og klaga over daarlege tider.

«Det er stygt aa ønske det; men dø hadde gødt taa det, om det kom in fiende her inn i landet, saa dø fekk prøve litt!» sa han. Han tykte ikkje dei hadde so mykje aa bera seg ille for, han Embret.

Han hadde eiga børse, og den er paa Nabben i Storelvdalen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *