Internt referansenummer:B-000011
Kilde
DANS OG SOGER TIL TUDDALSTONAR
Av: O. J. Rui
Utgjeve av Tuddal Spelemannslag ved 25 års-jubileet 1974.
Klikk her for å lese forordet

Ola O. Bøen (Veungsdalen) f. 1849

(Mennesket og tonen)


Ola O. Bøen (Veungsdalen) f. 1849 var son åt Ola Sud-Boen. Han vart lærar og flutte til Eiker. Han nemndest som ein av dei betre spelemennene, og hadde mykje av far sin når det galdt fela. Her er nokre av slåttane han fekk i arv:

– Ringjaren Kåte-Reiar,
– Gaute Navarsgard,
– Lite Kåte gut,
– Dei ska få dotte mi,
– Eskvammen,
– Prestegangaren,
– Ingen he so mange dompara,
– Hei so spølå 'n Østen Lurås,
– Håvars draum Guroson og
– Førnesbron.

Desse slåttane har sidan vore mykje bruka. Ola var på Kongsbergmarken og spela ilag med Lars Fykerud. Elles lærde Svein Løndal spel av Ola.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *