Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen 1977 side 104
Skriftstyrar: Kolbjørn Gåsvær
Skrevet av K.G.

Ola på Ola og enda ein Ola

Namnet Ola var mykje brukt i mange slekter, og det var ikkje uvanlig at både far og son, ja jamvel to brør, heitte Ola. På Hovsrønningen på Jøa var det tre Ola, det var far og to søner med same namnet.  Det var Stor-Ola, Medti-Ola og Litl-Ola. For ein slektsgranskar kan slikt by på problem dersom han ikkje er merksam på dette.

I dette tilfellet var det ikkje typisk namdalsk, for alle desse var fødde i Skjåk i Gudbrandsdalen. Nedskrivaren av dette fekk i oppdrag frå ein av etterkommarane å finne ut meir om slekta bakover, og måtte til Statsarkivet på Hamar for å finne det ut. Det var klårt med fødselsår for begge brørne, 1827 og 1832, men det viste seg at det var fleire Ole Olsen som var fødde desse åra, og at dei hadde foreldre som heitte Anne Olsdatter og Ole Olsen, og av desse var over halvparten reist til ”Nordlandene”! No lykkast det lell, og det viste seg at dei var frå Langleite i Skjåk, men lett var det ikkje å finne fram i alle Olaene.

Namdalsk er det i alle fall i eit anna tilfelle. På Letvikmoen eller Kvernhusmoen, på Jøa var det samme tilfellet. Der heitte faren Ol’ Persa (Ole Pedersen) og sønene Ola Andreas og Ola Petrus, men her vart yngstemann alltid kalla Petrus.

Slik ser vi at det ikkje er berre i Valdres at det var slik som i visa hans Anders Underdal, at det var Ola på Ola og enda ein Ola.

Vi kan undrast over at namn vart brukt på denne måten, men det måtte vel vera for å sikre at namnet gjekk vidare i slekta. Det var ikkje sjeldan at barn døydde den gongen, og for å sikre at namnet heldt fram, kalla dei fleire enn ein med same namnet.

Men det kunne blio for mange som hadde same namnet og. På Karlgård i Verdalen var det  etter det som er fortalt ein gong sju som heitte Ola. Men da braut dei tradisjonen og kalla guten noko anna – og det kan ein forstå. Det er ikkje godt å finne på ekstra-namn attåt Stor-Ola, Gammel-Ola, Medti-Ola og Litl-Ola.

Rekorden er kanskje på Lauglo gard for Trondheim. Her var det 9 – ni! Ola på same garden, men da vart tenestekarane medrekna.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *