Internt referansenummer:B-000011
Kilde
DANS OG SOGER TIL TUDDALSTONAR
Av: O. J. Rui
Utgjeve av Tuddal Spelemannslag ved 25 års-jubileet 1974.
Klikk her for å lese forordet

Ola S Bøen (Moen) f 1879

(Mennesket og tonen)

Ola S. Bøen (Moen) f. 1879 var son åt lærar Svein Bøen og soneson til gamle SudBøen. Han hadde rike spelemannsgaver i arv og hadde eit fint og godt drag i spelet.

Svein Rue fortalde han som guttunge var ned til Moen eingong med nokre hestetrugar. Då sat Ola og spela uti romet på nordsida. Bogestroka minna mykje om Svein Løndal, sa han. Svein fekk endå ein stor sukkerklomp av'n Ola dengongen. Ein annan gong spela Ola for nokre heddølar oppe på Veabekk. Då kom det mange folk og ville høyre.

Ola Bøen døydde i sin beste alder.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *