Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Ola Skjerpe

Han budde paa Skjerpe paa Jæren. Det er den garden som Nærbø kyrkja stend paa. Det er ein turr gard, og ingen skrepper av vokstren korkje paa aaker eller eng. Dertil hadde han ei surkrukka til kjerring.

I eit brudlaup erta dei honom fyr den sure kjerringi. Daa svara han:

«Det trengst paa Skjerpe; for me hev so lite mysa.»

Ein gong datt Ola Skjerpe uppi kvernasloget og fór ned paa kallen. Korleis stod du deg daa? spurde dei.

«Aa eg hadde ikkje ei freda stund,» sa han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *