Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

Olav den hellige og Olavs-ila

Da Olav den hellige rømde til Gardarike over Värmland, så tok han vegen om Matrand. Vestan der den gamle kjerka sto, var det ei open grasslette. Og på denne sletta slo kungen seg ned med mennene sine. Han sette seg på ein stein og kvilde, før han kjende seg både trøtt, svolten og tyrst. Som han sat der og grunda, sprang det fram ei ile ved føtene hans. Olav og mennene drakk av denne ila før dei dro vidare. Denne ila fekk sidan namnet Olavs-ila.

Da jarnvegen kom millom Kongsvinger og Charlottenberg i året 1862 og gjekk over denne staden, så vart Olavs-ila borte. Steinen som kong Olav sat på vart sidan flytt og nytta i grunnmuren til stasjonsbygningen på Matrand.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *