Kilde
GAMLE HERMENNAR FRÅ TELEMORK
Av Kjetil A. Flatin
Lokalhistorisk Forlag 1991
(Nå overtatt av www.bokloftet.no)
Denne utgåva er eit fotografisk opptrykk av
Oluf Rasmussens Boktrykkeris utgåve frå 1913.
ISBN 82-7404-056-2
Du kan lese forordet til boka her.

Olav Flatland

Olav Flatland var fraa Seljord og bror til Flatekòs'n.

Han var kje fullt so stor, men ualmindelig herdebreid og vælvaksin, og gruveleg sterk. Eingong tok han Sammel Flathus paa strak arm og sette honom upp under take.

Paa Aase i Flatdal bar han 3 tunnur jordeple nedantil aakeren og heim, men daa han steig inn i stogo, knuste han troppi.

”Vaagar de 5 pottur brènnvin, saa skaa eg bera sama byr'i ne'att paa aakeren aa uppatt», sa han.

Men dei vilde ikkje vaage med'n.
     
Olav var ute i krigen i 1814. Han hadde legdi si paa Nordgarden hjaa Gunleik. Dit kom han, kvelden fyrr han reiste, og henta munderingi og so niste paa vegen.

Han og Nils Gullhaug gjekk patrulje ein gong. Daa kom dei yvi 2 svenskar, som hadde gøymt seg i ein rugaaker.

”Svenskæn' va' rædde, aa me au rædde, aa saa sprang me te gvor sin kant, mest me òrka», sa Olav.

Olav var ein godsaud og bruka aldri aa slaast. Med' dei laag i Fredriksværn, so var det ein bykar, som gjekk der kvar dag og rauta og kytte og vilde vera slik ein òvkar; ei ufe'e og rissebikje var han, so mest ingin fekk gange ifred. So en kveld kjem ein av offiserane til Olav og segjer, at han, som er so kraftig, skal taka og banke upp denna frikaren, som gjekk der. Detta vilde han ikkje paa nokon vis. Men so fekk han nokre gode drammar av offiseren, og det muna. Han vart noko hogmælt og slengde seg frem i ringen. Best det var, gauv karane ihop. Olav treiv bykaren, lyfte han høgt yvi skallen sin og smelde honom nedatt i bakken flere vendur. Dei, som stod i kringurn, ropa og skreik hurra for Flatland, for alle totte, dette fór so væl.

Men seinstpaa maatte dei hjelpe paa bykaren, elles trudde dei, Olav haddi slegi honom spent ihel – og det var berre sovidt, det pikka liv i honom, daa dei bar'n burt, og han fekk aldri ein helsedag sidan.

Men efter Olav hadde vorti gamall, trega honom fælt paa detta og gret som eit baan, naar han tala um det.

”Dæ va' stygt 'jort av meg, min stakar, som let meg narre», sa han.

”Daa me kòm heimatt fraa krigjen, aa heimefolkji saag kònn att, gret dei av glæ'e, aa me dansa, me», sa han.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *