Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Olav Lonar og Torgunn

Olav Lonar i Saudland laag ein sumar nord i heidi attmed Rennarvatne og fiska. Det var so utifraa godt fiskje der i gamledagar, og fiskeretten laag til dei tvo Lonargardane. Men so var det ikkje fritt for at andre au stal seg til aa fiske der nattes tidir, difor tok Olav paa aa liggje der lange slotune for å jaga tjo-vane. Innunder Rennarnuten stod det eit gamalt sel som Olav heldt til i og laag der det myrkaste av notti.

So var det seint ein kveld han var nett reidug til å leggje seg og gjekk ut som snøggast fysst. Daa han kjem utanum dynni, so veit han ikkje av førr han stig hovudstup inn i ei stor og staseleg stogu. Han var reint forstird og visste ikkje anten ut eller inn. Det loga og brann so trivelegt paa gruva, og det glima og glodde rundt paa veggine og i take av store vene sylv-staup, tintalerkar og koparkjelar. Paa kvar side av gruva sat ein gamall mann og ei gamall kone. Ei ung ven gjente sveisa att og fram paa golve, ho bar mat og drikke på borde av alt det beste som tenkjast kunde, og so bad ho Olav setja seg innaat. Men Olav skyna at dette ikkje hekk rett i saman og torde ikkje smaka anten gløyp eller bit av noko slag.

«Du tar ikkje haavaa fælskur i deg fe o øtaa o drikke her!» sa gamlingane fram med gruva. «Me ska visst ikkje gjøraa deg noko fortræ,» sa dei. «Du ska sleppe her ifraa likro fri som du kom inn!»

Gjenta var so glibbeleg paa lage og kikka burt paa Olav alt i eitt, og aldri tottest han ha sett so naudende ven ei gjente. Men han sat der som ein stuve og fekk ikkje ord for seg, heller ikkje vilde han smaka noko hosse dei bad og taalde for honom. Best det er, so veit han ikkje av førr han stend utanfyre selsdynni att og alt ikring honom er myrkt, berre nokre gløar ligg og gløser inni selseisa. Han tutte ikkje det var lang stundi han hadde vori ute, berre ei snøggvending aa segja; men daa han skulde sjaa til, so hadde dei store bjørkeskryti brunni upp so berre glødane laag att. Han hadde lagt dessa paa varmen til notti daa han gjekk ut, og no skyna han at det var ei god stund sea. Olav krabba tilsengs og somna i fred og ro.

Men gjenta som han hadde sett denna kvelden, sveiv for honom baade seint og tidleg kor han vanka. Han freista aa faa dei hugsvivi fraa seg, men nei, det var ‘kje raad.

Heile hausten og vetteren etter gjekk han som ein tomsing og var ikkje til aa kjenne att, fekk meir enn so kje upp munnen til aa røda nbko og syntest ikkje anten høyre eller sjaa.

Sumaren etter laag au Olav i sele under Rennarnuten og passa fiskje.

Daa var det ein kveld at han sveiv utum dynni, og best det var so veit han ikkje av førr han stend inni stogo att hjaa dei tvo gamle folki, og gjenta som han hadde raaka sumaren førr.

Alt gjekk som daa han fysste gongi var inne der. Gjenta gjekk paa golve so blid og ilæjands og so snaal og smeiseleg at det var eit under aa sjaa. Ho sette fram paa borde for honom mat og drykk av alt det beste som fanst, og no var kje Olav heller so forskilen, men tukka seg inn til borde og tok til seg av rettine. No bar dei gamle upp maalemne og sa med Olav at dei hadde etla honom dotter si, den unge vene gjenta som han saag, og dei lova at lukke og vælstand skulde fylgje honom og ætti deira alle dagar. Olav tofte at han aldri kunde ynskje seg noko gildare enn detta, og so vart dei trulova, han og tussegjenta. Torgunn heitte ho.

Olav var lengi uppi heidi denna sumaren, og folki heime vart reint utor venten paa honom. Seint paa hausten kom han heim, og daa var Torgunn med. Folk i grendi bisna ikkje lite daa dei høyrde at det hadde komi kjerring til Lonar. Ingin visste kor ho var komi ifraa, og kjende ikkje anten ætt eller avkjøme.

Olav hadde brudlaup og vigde med Torgunn heime i kyrkja. I brudlaupe vart folk vare at ho hadde ei lang rove og skyna daa hokken ho var. Men daa ho gjekk inn gjenom kyrkjedynni, datt rova av henne, og sea saag dei aldri likt til ho meir.

Alle totte at Torgunn var det fagraste og stautaste kvende dei hadde sett. Ho var stillfarande og smaalaati, fælt redd for aa gjera noko som var gale, og like blid var ho stødt mot alle baade ringe og rike. Fatigfolk som kom til gards og bad um mat sa ho aldri nei, og dei reiste aldri havandslause. Ho vart namnspurd godgjerande, og fatigfolk kom langvegar til Lonar.

Allting lukkast og trivdest so væl paa Lonar etter Torgunn hadde komi der. Krøturi økla og gav meir avdraatt enn førr, og var so feite og fine at ingin hadde sett maken.

Men fysste vetteren Torgunn var paa Lonar, so var dei usamde, ho og Olav, um hot dei skulde gjera med kalvane, naar kyrne hadde bori. Olav vilde fylgje den gamle skikken og leggja paa dei venaste kyrskalvane; men Torgunn stod paa sitt, at alle skulde slaktast.

«Hot tenkjer du paa da, kjering, som vil tyne alle kyrsemna?» sa Olav.

«Syt aller fe dæ,» sa Torgunn.

Men um vaaren daa dei slepte kyrne, vart Olav ikkje lite forundra, daa hadde kvor og ei av kyrne ein stor ven kalv attmed seg.

«Hoss kan detta hengje saman?» segjer Olav, «naar me slakta alle kalvane i vet?»

«Alle kyr har tvo kalvar, men mor tek ikkje nokon av meg,» svara Torgunn.

Kalvane voks og trivdest framifraa, og vart store, vene naut, so ingin hadde sett likin til slik buskap som paa Lonar.

Olav var kje god med kona si, han var vrang og tverr stødt og mol og murra paa Torgunn seint og tidleg, ingin ting var tillags. Ho berre tagde og gjorde aldri noko uppstyr for detta.

So var det ein sundag at dei skulde til kyrkja, Olav og Torgunn. Olav baska uti tune med hesten, han vilde leggje ein hestsko under, og so fekk han ikkje maate detta til som det skulde. Han banna og steikte og rotula og bar seg reint ovlæte. Torgunn tolde aldri høyre nokon banna, og so gjeng ho burt til Olav og stirer paa honom ei stund. Dermed so triv ho hest-skoen og krøystar honom saman i ei usse med teendane, og so rettar ho honom ut att, og maatar han til etter hestehoven, krøystar honom saman endaa lite.

«So ska hesskor’n liggje,» segjer ho og stirer kvast paa mannen.

«Du æ meir hell et ana menneskje, du, Torgonn!» segjer Olav; «so lei som eg ofte har vore mæ deg, o at du ikkje har tikji o banka meg meir hell ei vende, synes eg æ rart!»
«Eg har betre vet,» svara Torgunn.

Etter denna tid vart Olav som eit onnor menneskje, han banna aldri so Torgunn høyrde det og var føyleg og snild imot hennar stødt.

Torgunn og Olav vart grunnrike folk, det lukkast allting so godt for dei og slik velstand og trivnad paa alt i garden at det var eit bisn aa sjaa.

Dei hadde 3 sønir, tvo av dei heitte Torbjønn og den trea heitte Ambros. Dei liktest paa mor si, var staute og fagre gutar og uryggjeleg sterke; men fælt so agalause og ville, drakk og slost kor dei vanka og vart namnspurde soleis. Dei er soleis kjende fraa sogo um Sterke-Nils, den gongi dei raaka honom paa Meheid.

Den eldste av dei, Store-Torbjønn, var aller sterkaste og stauteste guten; men han bleiv i Saudar-aai og var daa berre ungdom aa kalle. Ein gong seinhaustes var Torbjønn og Ambros uppmed Rennarvatne og skulde jaga fisketjovane. Daa stelde dei seg upp paa kvor si side av vatne, uppi nokre høge aasar. Det var ein dei kalla Lars Langanlaar, som var so ram til aa fiske der stødt.

Denna kvelden var han der au, og hadde tvo andre med seg. So ropa Torbjønn i den eine nuten:

«Fær eg laane kjitil’n din!»

«Hot vi du mæ denn,» svara Ambros.

«Eg vi koke Lars Langanlaar, som ligg her o fiskar botte høst o vaar!»

«Ja, dæ ska du faa,» svara Ambros.

Men daa kan du tru at fisketjovane fekk føtar, og avstad sette dei so du vel aldri slikt flugt skuld’ sett i dine føde live-dagar. Sea kom dei ikkje der og fiska.

Ætti etter Olav og Torgunn vart au vælstandsfolk og hev vori i Lonargrendi alt til no, og Torgunn-namne hev au haldi seg i ætti.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *