Internt referansenummer:B-000011
Kilde
DANS OG SOGER TIL TUDDALSTONAR
Av: O. J. Rui
Utgjeve av Tuddal Spelemannslag ved 25 års-jubileet 1974.
Klikk her for å lese forordet

Olav Løndal fødd 1904

(Mennesket og tonen)

Fortalt av Knut Buen

Eldste sonen til Gunnhild og Svein Løndal er Olav, fødd 1904. Det var med Svein budde med familien sin i Eksli at Olav byrja spela. Olav fortel at han var tretten år da.

”Eg hadde ei gåmål tyskefele som eg byna på.” Seinare sette John Tjønn ny skelle på den fela o gjorde ho om te hardingfele. Eg hugsa den fyste slåtten eg lærde va' Lomeli'n ette' Helvor Borgen. Den lærde eg ta far. Men mor lika ikkje at eg spølå, so ho leste ned fela i ei kiste i buret…Men når mor va' borte ein stan so stal eg meg te o' spølå i buret. Eg hugsa enda at det rann ein bekk onde' burs-golvet og eg syntes'n spølå den med…Far gat lite te at eg spøå. Han ville vel ikkej sø imot mor hell', tenkje eg, men når det leid på fekk eg a låne fela honoms og han tok te o undervise meg meir au da.»

Olav fortel at han kan minnast at Katarinius Elling var heim til far honoms og skreiv opp slåttar i 1912. Ellers kom Jøgen Tjønstaul til Eksli og ville læe spela da han var i ungdomen, seier Olav.

Det er nok utan tvil faren som har hatt størst betydning for Olav ifrå grunnen av. Og songen til mora og systrane hadde nok au sin innverkna på musikken hans. Olav var med på fyrste
kapp¬leiken i Hjartdal i 1923. Da vann han og Eivind Moe kvar sin fyrstepremie i yngste klasse. Det var ikkje so lett koma fram den gongen når ein skulle på kappleik. Anten måtte ein gå eller bruke sykkel.

”Ein gong sykla eg o' Kjetil Ruds-Kåse te Bø på kappleik,” fortel Olav. «Det va' enda ein
sankt-Hanseftan, so det va' eit syn med ell den sankt-Hans-ormen me såg lyste langs med vegen. På kappleiken blei eg o' Kristiane Lund standanes likt so me måtte søolå omatt. Da vann eg kappleiken og Kristiane fekk pokalen.”

Olav har bestandig vore heldig på kappleikar i Bø. Det er det rare, at han alltid har spela godt nettopp der. Ein gong spela han «Sevlen» i Bø so det gjeng gjetord enda. Gunnulf Borgen uttala den gongen:

”Slik har eg eler høyrt «Sevlen» har blive spela».

Olav Løndal har Myllargutens sylvmedalje og gullmedalje frå Lars Fykeruds minnekappleik på Kongsberg 1960. Ellers har han ei mengd fyrstepremiar. Ein kan seia at det aldri har vore noko stor kappleik-innteresse hjå Olav. Han har fyrst og fremst vore storspelemannen i mindre lag der han har kjennt seg heime. Men Norsk Rikskringkasting har fleire gode opptak med han, og i 1960 har Hølje Landsverk teke opp noko av han som er av det ypperste med Olav på bånd. Slåtte-reportuaret hans er stort og mangfoldig. Og i alle slåttar er han personleg i uttrykket. Teknisk er han like god med boge som med fingrar, og han kan få ein liten slåttestubb til å bli eit heilt musikkstykke. Soleis har Olav stor tetydning både som slåtteformar og læremeister. Som Hølje Landsverk har og Olav spela i ei mengd med gjestebod og lag. Han har laga fleire slåttar også. Lenge budde Olav med famelien sin i Kyrkjejordet, der kona Anne er ifrå men fyrst i 50 åra bygde dei nede i bygda og har budd der seinare. Dottera Sigrid, har alltid hatt ei fin sangstemme, og sonen Svein er spelemann som nemt lenger fram i boka. Anne er ein flink dansar, har vore.

Det kan nemnast at Olav har ein slagferdig talebruk, noko som gjev uttrykk for fantasi og vidd. Ein gong Olav fekk ei fillefele mellom hendene kom han, som vanleg er, til å stire inn gjennom ljodhola for å granske fela innvendig. Ho var visst oppe i liminga somme stader og så kom det:

”E' 'o møsjå dannan da?»

Ein annan gong sto Olav og braut epleåker innved huset sitt. Almannvegen ligg tett inntil der og det hadde seg slik at det for mykje folk forbi nettopp den dagen, da det var smørlevering. Så var det eit uviskeleg uver også denne dagen, ja det hadde regnt i dagavis, og da fall det sjølvsagt naturleg for folk og snakke bort til Olav om dette uveret ustanseleg. Tilslutt blei han vel lei dette gnålet og så sette han i ved ein:

”Eg kan vel ikkje eg noko te at det regne', vetteg”…..

Eg vil tilføya om Olav Løndal at han ved enkelte høve har levera musikkprestasjonar som det vil korna til å gå myter om framover i tida.

På ei av Tuddal Spelemannslag sine samkomer (det var på Tuddal Turistheim) kom Olav i ei spesiell lune til å spela. Praten gjekk livleg mellom folk da Olav plutselig stemde i med «Bjølleslåtten», og det uvanleg høglydt og reinstemt. Folk vart stillare og stillare rundt han. Tilslutt tagde alle og lydde som i andakt. Da slåtten tona ut vart det ein stormande jubel og klapping, men Olav for ut døra bleik og alvorleg. Nokon av oss flaug etter han og let vel om spelet:

– Ja, no splå du modig godt, Olav.
– Å ja, eg veit ikkje eg, …somtid kjem det ivi ein so det e' reint uhyggeleg» svara Olav.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *