Internt referansenummer:B-000011
Kilde
DANS OG SOGER TIL TUDDALSTONAR
Av: O. J. Rui
Utgjeve av Tuddal Spelemannslag ved 25 års-jubileet 1974.
Klikk her for å lese forordet

Olav Mathiesen Stuverud

fødd 1902

(Mennesket og tonen)

stuverud.jpgOlav Mathiesen Stuverud fødd 1902 høyrer til mellom dei spelemenn som var med i det fyrste spelemannslaget i 1925. Rundt denne tid tok Olav og til med rosemåling og han har stort sett drive med det seinare. Ingen har vel måla meir for folk i Tuddal enn Olav. Målinga hans er heilt personleg og i spelet held han på dei gamle Tuddals-taka. Mange seier at Olav spela godt da han dreiv det på det hævaste. I seinare år har han slutta med felemusikken, men Venås-fela si har han liggjande. I det nyare spelemannslaget var Olav Mathiesen ei av dei drivande krefter frå starten av.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *