Internt referansenummer:B-000011
Kilde
DANS OG SOGER TIL TUDDALSTONAR
Av: O. J. Rui
Utgjeve av Tuddal Spelemannslag ved 25 års-jubileet 1974.
Klikk her for å lese forordet

Olav O. Rui-Nyheim f. 1904

(Mennesket og tonen)

olav_nyheim.jpgOlav O. Rui-Nyheim f. 1904 hadde store føresetnader til å bli spelemann, — det høyrde ein med eingong han tok i fela. Han er systerson til Svein Løndal, på andre sida ættar han fra Sud-Bøen. Som liten stod han of te nedmed isen og lydde når Svein spela i det gamle ungdomshuset.

Du må ikkje stå her og frose forderva», sa mor og kom og henta han innatt. Etter festar og slik var Svein innom og sat og spela. Olav lydde og fekk tak i slåttar. Han hadde så godt eit lag med fela. Den faste og støe bogen gav eit uvanleg drag i spelet. Elles «tok han så vel med seg» og dette gav slåttane eit rikt og variert innhald. Han var som nemnt med i Tuddal eldre Spelemannslag og det vart alltid lagt gaum til fela hans. Han gjekk aldri inn for å drive som spelemann, anna spela helst til heimehygge. Han kunne og håndtere trekkspelet og skifte på med det og fela. Olav spelar av og til ein slått utan namn. Knut Buen har sett namn på denne slåtten og kallar han for «Nyheimen».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *