Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Olav Omvik forteller…

Bank, handel, postgang

Der var sparebank i bygdi, og den hadde stor tiltru, sä folk som fekk nokre kroner til overs, sette dei gjerne i banken og gøymde bankboki godt. Både banken og heradshuset låg i Omvikedalen. Så når heradsstyret hadde møte, gjorde gjerne mange ærend i banken med det same, for vegane var lange for dei i utkantane av heradet. Men kyrkja låg i Skålabygdi, som danskane hadde pynta med namnet Rosendal. Der låg prestegarden, der budde lensmannen, der låg skipsverven, der var handelsforeningen og dampbåt-stoppestad, og der låg stamhuseigaren («baronen») sitt slott og alsgarden hans. Som gutunge var eg med og drog i taui då Skåluren sin største tre-dampbåt gjekk av stabelen. I 1928 såg eg båten låg og lasta sild i Akureyri på Nord-Island.

Rosendal var liksom hovudstaden i Kvinnherad. På handelsbui der sat gjerne gamlingane om kveldane og rødde med handelsstyraren, røykte og spytta og preika politikk. Eg hugsar godt ein gong der kom inn ein mann som skulle kjøpa minekrut. «Varsku her!» song handelsstyraren og lyfte krutdunken opp på disken for å vega krut. Som på kommando treiv alle kallane pipa or munnen og heldt henne godt gøymd i loven til «faren var over».

Bladtobakk og margarin var visst store artiklar. Margarin kom den gongen i dunkar å inntil 50 kg og laut vegast opp i smått etter kvart. Lampeolje (parafin) gjekk det mykje av, for alle hadde lampar. Kola var hengd vekk, og elektrisk ljos var ikkje kome, så det var vanleg å sjå folk med oljekanne i handi når dei fór heim ifrå butikkane. Oljetunna og salt låg i pakkhusromet. Men elles var alt samla i same butikkromet like ifrå brød og margarin til steinty og spikar, sakser og knivar, økser, ljåar, kammar, briller, tau og sjømannsgarn, skor, treskor og klede og ty. Men mjølsekkene var tekne opp på buloftet med vindeheisen, så mjøl, gryn, sukker og erter vart berre skuffevis bore ned i butikken. Jarnband og anna stort av jarn laut også få rom i pakkhuset.

I dalen vår var også handelsmann, og han var postopnar også, og der kom mykje post. Når bybåtane var ventande, stod brvggja jamt full av folk som skulle sjå kven som kom eller reiste. Og når sa båten var ekspedert, og handelsmannen med postsekken på aksli gjekk opp i krambui, følgde heile flokken, fylte heile krambui og stod i kø og venta til posten vart ropt opp. Fyrst brevi. Var ikkje adressaten der, tok gjerne ein annan or same tunet imot. Brev og aviser vart så sende frå mann til mann bort til han som tok imot. Han song berre ut: ”Her!” eller ”Ja!” Men penge- og verdebrev vart sjølvsagt ikkje sende såleis, men berre varselsetel. I all mi tid høyrde eg aldri klage over denne enkle postomberingi. Det som vart liggjande att, fekk adressaten henta seinare.

No er det for lenge sidan postboksar ved posthusi. Og butikkane har gjerne fleire rom og varene er pakka i smått i posar og boksar, så ikkje sukkersekken og grønsåpedunken og sirupskanna gnurar seg mot kvarandre. Dei nye butikkane er romslege og godt innreidde med hyller, så ”sjølvbetjening” kan gå for seg og pengane rulla! Og kjøle- og frysediskane og djupfrysaren kan halda mange varer friske i lang tid, slikt som var umogleg i min ungdom. Og ei mengd matvarer kan kjøpast ferdige eller nesten ferdige, så det er berre å tina dei opp eller varma dei. Men ein ting tykkjer eg er underleg: Til meir arbeid vi sparar, til mindre tid har vi, ser det jamt ut til. Måtte vi no berre tenkja over kor godt vi har det og vera like nøgde for levemåte og helse som dei gamle var det!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *