Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Olav Omvik forteller…

Barneleik og barnearbeid

For ein herleg tumleplass vi (eg er frå ri-sida av Kvinnheradsfjorden) hadde i gamletunet når vi i skymingi skulle «gøyma og leita» eller «bomba», som vi sa. Då hadde bommen fast plass på Samsonsstabburs-veggen. Der laut han som skulle leita, stå med andletet mot veggen og telja til 50-70 eller 100 etter som vi vart samde om, medan vi andre sprang gjennom smau og smette og gøymde oss, bakom uthusi, oppå ei kragehelle ved ei stabbursnov osb. Når så han som stod, fann oss, var det å kappspringa mot bommen, før den som kom fyrst, var fri, medan den som var sist, laut stå i neste omgang.

Vanleg langball var også mykje brukt. Og så hadde vi noko som vi kalla «klotrespel». Då stod vi i krins med kvar sin stokk som vi heldt ned i kvar si vesle grop (gryte) i auren, medan han som var «ute» (utanfor krinsen), skulle prøva få ei trekule til å liggja i ei gryte midt inni ringen. Dei andre skulle hindra dette med å slå trekula vekk med stokkane sine. Men så hende det at han som var ute, brennande fort med stokken sin tok gryta ifrå ein av dei som slo etter kula, og var dermed fri, medan han eller ho som miste gryta, laut vera ute.

Elles skifte både leik og arbeid med årstidene. Om våren gledde vi oss til den dagen dei skulle «løysa». Då dreiv budeia kyrne opp i stølsgeili åt utmarki, og ungane laut vera med og gjeta og sjå etter at ikkje kyrne i kjæta gjorde skade på kvarandre. Eg minnest enno kor lavøyrd Kronreio vår vart då ho trass i gjetingi fekk høve til å stanga eine hornet av seg. Det var hornkveg den gongen – med massingknappar på horni. Men ein svart stut med kvite horn som vi hadde, var så snill at vi kunne klappa han utan at han skræmde oss. Han slapp ha knappar. Han fekk 2. premie på utstilling, og far selde han til prisdomaren for 200 kroner, som folk tykte var uhorveleg mykje for ein stut. Sidan høyrde far at same oksen – han heitte Morkmann – hadde fått 1. premie og vart seld til eit fealslag for 2000 kroner.

Det var denne oksen far freista få leiga beite åt i Myrdal, heilt bakom Melderskin, då det helst var skralt med beitet både i heimehagen og på fjellet hjå oss. Det var «Baroniet» og bøndene på Mehl og Eik som åtte beitet. Som smågut var eg med far og skulle «jaga på» når far leidde stuten. Vi laut av stad klokka fire om morgonen, for det var minst halvanna mil, fyrst framom Mehl og til nausti ved det store Myrdalsvatnet, som vi laut over med beistet for å koma vidare. Vi lånte båt. Far sat ved årane, og eg heldt grina, så stuten hadde hovudet over vatnet og sumde så godt han kunne. På andre sida av vatnet bar det vidare, og innom det svære vatnet var der flatt og fint med seterhus og godt beite. Beiteeigarane hadde på seg å sjå til beitedyri kvar veke, og det var morbror min på Mehl som stødde far til å ha stuten på utstilling om hausten då han var feit og fin.

Når smålammi kom om våren, hadde vi moro med dei. Sauene fekk gå på heimebøen fyrst, til vi avbøa og hadde dei åt utmarki. Men enno ei god stund laut dei få koma i hus med natti, og då var det smågutane og jentene sitt arbeid å henta dei heim om kveldane. Det var sams utmark, og vi samla fyrst alle småflokkane til ei stor drift oppom smaleledet, let så opp grindi så heile drifti fór med breking og styr ned smalegeili til tunet, der kvar sauelyd fann vegen til sitt eige sauehus og stod utfor døri til vi kom og sleppte dei inn. Men då hadde eg lov til å ta ein neve lakabrend brisling å dela mellom våre, og det var ei høgtidsstund både for meg og sauene. Dei gamle var så spake at dei åt sildi av handi og slikka fingrane attpå. Men gimbrar og lam heldt seg på fråstand. Synte det seg stundom at der mangla eitkvart i flokken, hende det vel at vi eva oss med å gå ekstratur til skogs på leiting. Men når mor stelte ein smør- eller rjomebete (flatbrød) i utsikt, gjekk det lettare, om vi så laut like i rindoddane etter det som ikkje var kome heim.

Tre ting laut vi passa oss for: ikkje trakka ned graset, ikkje hiva stein på bøen etter at der var rydda, for det kunne ljåen få lida for, og så måtte vi ikkje sutla i kjelda eller i klårtevassbekken. Men i rustavassbekken mura vi stor dam av torv og stein og fekk gild siglehøl til dei små båtane vi laga oss med master og papir-råsegl. Men så fekk eg av gudmor ei stor fin jekt med storsegl og toppsegl og fokk og alt som til høyrde. Den netthendte drengen hennar hadde arbeidd jekti.

Eg bar jekti under tak med natti, men stundom rigga eg ned segli og la henne for anker med landtau fast i bryggjestolpen. Ankeret hadde min gode ven, Smeda-Jon, laga åt meg for 15 øre, og til ankerkjetting hadde eg loddkjeda or ei avdanka stoveklokke. Flotte ting – massingkjetting!

Vi var ikkje store gutungane før vi laut laga ljåsorv og binda i ein liten stuttorvljå så vi fekk kjaksa og slå, og i høyingi kunne vi i minsto trø i høylasset. Men beste leiken trur eg mest vi hadde om vinterkveldane når snøen hadde lagt seg, og isen på elvi og myrane og sikane. Då gløymde vi endåtil å binda sauene stundom, så mor laut gjera det òg når ho skulle etla høy til dei. Dei av oss som ikkje hadde kjelke sjølv, laut få sitja på med andre jenter eller gutar. Og dei kjelkane som ikkje hadde jarn under meiane, kunne vi berre juklagå, setja dei opp ende og renna vatn nedetter meiane, så fraus det og gjorde kjelken hålast av alle – til han kom bort i sand eller stein.

Det var ikkje mange som hadde skeiser, og ski var knapt kome på moten. Men alle hadde treskor, og dei var gode å skreia seg på både på isen og i snøbakkane. Etter snøstorm la det seg store fenner under reinane. Der grov vi snøhus eller skreidde på dei harde snøskorpene, på kjelkar, treskor eller try (stutte meiestokkar, småski, som vi batt under lêrskor eller støvlar).

Å laga snømenn, festningar og snøballkrig var vanleg. Ein gong skulda eg ei jamgamal jente snøball, og langa han etter henne i det same ho smatt inn svali. Nei, eg råka ikkje henne, men i mjølausa til mor hennar så mjølet rauk, grautmjølet ho nett bar inn or stabburet.

Dei digre isspjuti under stoveufsene freista oss til fekting, men dei var ikkje så farlege som dei såg ut til, for til det bruket rauk dei lett i knas. Far var redd vi reiv med neverbitar når vi braut dei lause. Han såg helst at dei fekk hanga i fred til soli vermde, så dei løsna og datt ned av seg sjølve.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *