Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967

Olav Omvik forteller…

Brygging

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde lagt til av www.historier.no. Bildet er malt av Eduard von Grützner.

Mellom våronni og slåtten var far van å bryggja øl av ei halv tunne småbygg og humle som han kjøpte i byen når han var der med levande som skulle vendast. Som førebuing laut ølkaggen reingjerast grundig og stå til tetting i klårtebekken, og eit par av oss gutane laut til skogs etter ein bylt gode friske brakegreiner, helst slike som hadde bær. Så laut kornet leggjast i bløyt og turkast når det så smått tok til å gro. Og så til kverni og «kløyvast». Då vart kverni stilt så høgt og lett at ho dansa mykje fortare enn til vanleg mjølmaling. Bryggingi gjekk for seg i svali eller eldhuset, og maltet vart delt opp i to tunner med krane nede ved botnen. Så tømde far varm eine-humlelog or bryggjekjelen i grua og opp i maltet. Då kom søtølet i kranane. Borni fekk gjerne smaka søtølet, men far tømde det varme søtølet i æsekjeret i bui og hadde gjær oppi. Gjæren var gøymd på ein flåbotn (lerreftsbotn) opphengd på stabburet ifrå året før, og såg innturka ut. Men det livna til i det varme ølt og sette gjæringi i gang, så der til slutt låg ny gjær på botnen i kjeret. Så var det å fylla ølet på kaggane i kjellaren, og så fekk gjerne dei vaksne granne-karane smaka «oppskoko». Eg merkte aldri at far eller nokon av dei som kom innom oss, vart rusa, og ølet fekk far alltid til å vara til jol.

Då eg vart vaksen og skulle reisa til fyrste arbeidsplassen min på Romerike, bad far meg gå bort til læraren vår og skriva meg inn i frahaldslaget. «Då står du fritt utan at nokon vil tykkja det er uhøfleg om du kjem i storkarslag med rusdrikk,» sa far. Eg så gjorde, og far hadde rett. Far slutta heilt med bryggingi då han eldest, men hadde gjerne, som mange i den tid, ei flaske kamferbrennevin ståande i sengekråi å ta til når han ottast lungebetennelse — som eg hugsar han hadde to gonger, og han var hardt sjuk båe gongene.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *