Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Olav Omvik forteller…

Fjellgardane

Ei god mil ifrå sjøen og lengste stykket med berre kronglute fjellstigar som tilkomstveg låg to fjellgardar, Bjørnebøle med ein buande mann og Fjellhaugen med to. Til Bjørnebøle kom eg som smågut, skulle hjelpa sauekjøparen til beites med drifti. Det bar til fjells over rindar og res og svaberg og bratte kleiver langs ei brusande elv som sume stader kvilde seg i små eller store vatn. Bjørnebølsgarden låg i ei flat gryte mellom berget og elvi, framfor ein diger foss som det rauk av like bort imot tunet. Vi laut jaga sauene mykje lenger innetter fjelldalen til ein stad som heiter Jamtaland. Der såg eg restar av husmurar.

Der var for 200 år sidan ein husmannsplass under Bjørnebøle. Men etter ei ulukkes-soge ei jolehelg vart plassen liggjande øyde og er no berre beitemark. Joleafta var mannen på Jamtaland til bygdar etter jolemat. På heimvegen fór han framom Bjørnebøle, der han og kona og borni vart bedne til gjestebod annandag, som skikken var — eit år Jamtalandsfolket til Bjørnebøle og huslyden der til Jamtaland neste år. Jamtalandsmannen gjekk over isen på eit vatn nedom heimen for å koma snarare beim. Men isen brotna, og mannen bleiv. Kona hans høyrde skriket og sprang til for å hjelpa, men gjekk nedi ho òg. Og der kom ingen gjester til Bjørnebøle annandag. Tredjedag gjekk Bjørnebøls-mannen for å høyra korleis tilstandet var, og fann dei tre borni åleine på Jamtaland, det eldste berre fem år. Han tok dei med seg til Bjørnebøle. Og med det sluttar den sørgjelege soga.

Foreldri vart funne då isen gjekk opp om våren, og gravlagde i uvigd jord på andre sida av elvi. Men på Bjørnebøle og Fjellhaugen budde der folk til 1920-åri.

Vi var framom og helsa på Bjørnebølsfolket på heimvegen. 90-åringen Kristofer var då komen til sengs, men var rolig og klår. Han låg med stort leseglas og las i eit blad, spurde etter kjenningar nedi dalen og bygdenytt. Eldste sønen som også heitte Kristofer — tradisjon i fem ættleder til no — hadde då teke garden, og han fortalde om livet vinterstid då dei stundom laut grava tunnel gjennom snøfenner til fjøset, og ungane stod på ski over stovetaket. Men sumarstid var det så fint at dei stundom fekk hausta både korn og poteter. Eg såg der var kvernhus også. Der var bjørkeskog og raun innetter dalen til brennefang, og lauving og lyng og uteslått laut dei spe på med til elleve kyr, øyk og sauer på det likaste. Men garden åtte vide og gode beitemarker heilt opp til Blådalen og tok imot hundretals hagelevande, både storfe og smale. Og det gav inntekter.

Eg såg jamt Kristofer nedi dalen på veg til handelsmannen, ofte med ein smørambar i handi og ei stor skreppe på ryggen. Han hadde slikt kvikt og lett fotalag og ein eigen sving med fjellstaven. Det var som han alltid laut skunda seg, for vegen var dryg. I 1910 flytte han til dals og fekk seg gard der. ”Ville ikkje at borni mine skulle slita såleis som far og eg,” sa han. Siste buande mann på Bjørnebøle var modellør Johannes Tvedt, som selde til Blåfalli kraftlag. No står tunet og heimebøen under vann, så den dyre fossen er mest vekke, og huri er flytte opp på ei hylle i fjell-lii.

På Skånevik-sida går no bilveg ifrå Matre og like til Blådalsvatnet. Fire aggregat durar i kraftstasjonen i Matre, og den andre stasjonen arbeider dei på ved Bjørnebøle. Fjellhaugen er også for lenge sidan lagd øyde. Men soga lever om Bjødne Fjellhaugen og bror hans som bar slipesteinen på over 100 kilo ifrå sjøen og til fjellgarden.

Fjellhaugen høyrer til Skånevik. Ein lærar derifrå og læraren i Omvikedalen byttest om å skula ungane oppi fjellheimen nokre veker kvart år. Og det var ei høgtid både for ungane og lærarane og for dei vaksne på fjellgardane. Det er Kvinnherad kommune som no eig beitemarkene på Bjørnebøls-sida av elvi. Sidan bilvegen kom ifrå Omvikedalen og ifrå Matre, er det rift om hyttetomter i fjellet, og sumarkafé er alt bygd. Industribyen Husnes er i kjømdi. Det kan verta folksamt enno i fjellheimen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.