Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Olav Omvik forteller…

Folkeliv på Omviketunet

Der var folksamt og lagført i gamletunet. Huslydane og stovene hadde namn etter ein «stamfar» langt tilbake, utan omsyn til kva husfaren heitte no. I Monsastovo budde Monsane (Monsafolket), i Samsonsstovo var Samsonsfolket, i Øysteinsstovo budde sidan Elias, så Per, og så Johannes. I vår huslyd var det Perane i Perastovo, men namnet var etter ein Peder lenger tilbake enn far. Men Kirkhaugstovo og Kirkhaugfolket hadde namn etter den vesle haugen attmed stova. «Kjørkhauane», sa dei gamle. Etter segni hadde det stått ei kyrkje i nærleiken ein gong for lenge sidan.

Folk møttest og talast ved og var saman som ein stor huslyd, eit lite samhelde for seg, der dei så gjerne hjelpte kvarandre med dugnad og grannebeiner. Eg kan ikkje minnast at eg høyrde hogrøysta kjekling og skjenning grannane imellom, men det hadde vel vore så ymse i gamal tid der som andre stader. Gamle rettsbøker veit eitt og anna å fortelja såleis, og slike bø-namn som Tretteskreo (Tretteteigen) fortel sitt. Men jamnast møttest folk som gode grannar både i sorg og glede. Sjølvsagt kunne vi ungane pyklast, men det gjekk snart over. Ved veitsler, bryllaup og gravferder var alle sitt til låns og til bruks, langbord, benker, dukar, koppar og fat og hornskeier, bu og gjesteseng, ja, stundom stova med. Eg hugsar far lånte stova vår ut til gravferdi etter dei gamle i Kjørkhaug-lyden. Fyrst døydde gamlingen, og kona fleire år seinare.

Gamlingen i Kjørkhaug hadde i yngre år vore arbeidar og titt av kvart, men som eg minnest han, heldt han seg mest inne og putla med treskograving og sinkling. Folk var ikkje så snare til å hiva knuste skåler og borddiskar i bosspannet den gongen, men gav heller nokre øre til å få dei i brukande stand att, og Kjørkhau’n kunne det. Han drilla små hol i stykki, bøygde så til sinkle-krampar av massingstreng, batt koppane og fati saman og tetta holi og feste sinklane med kitt. Drillane (sylane) kvesste han på ein liten slipestein som var montert mellom to stokkar som stødde seg mot stoveveggen utvendig.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.