Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967

Olav Omvik forteller…

Helg og høgtid

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde, og er malt av Julien Dupré.

Helgi tok til laurdags kvelden eller aftekvelden. Då slutta arbeidet tidlegare, så folk fekk vaska og hama seg og tenarane kunne rettleia eitkvart åt seg sjølve eller svinta heimom til folket sitt om det let seg gjera. Sundagen var det kyrkjegang, som sagt. Men i sumartidi når kyrne var på fjellet, var jamt ungar og ungdom ein godværsdag på setervitjing og fekk rjomekolle eller rjomegraut og pitla molter på fjellmyrane.

Ungane laut putla seg heimover i god tid, men ungdomen fann gjerne på ein leik på setervollen eller lika å drøsa med seterjentene til seint på kveld.

Som jolehelgi var største helg, var joleafta største afta. Då var vi tidleg ferdige med utearbeidet og samlast i stova heile lyden. Budeia kom gjerne sist, for ho hadde liksom sin eigen dyrehuslyd å snakka med og gleda denne kvelden. Om ho aldri så mykje var komi for langt i høystålet, laut alle denne kvelden få litt fin hå eller ein neve drav og øyken ei ause havre joledags morgon. Fugleneket var også hengt ut.

Medan mor koka og reidde bordet, pynte vi borni joletreet med alle dei korger og stjerner og kjede som vi hadde arbeidd på i vekevis av glanspapir eller gøymt frå året før. Hadde vi eple og pærer att, tok vi det òg oppi, likeins kakemenn og koner, hestar, grisar, fuglar, fiskar osb. som vi fekk kjøpa for dei pengave handelsmannen gav oss for beini som mor hadde samla i beintunna heile året. Fyrste appelsinen eg såg hang under lampen i Øysteinsstova som «skuebrød» ei heil jul.

Var sa treet pynta og ljosi kveikte, gjekk vi i ring rundt treet og song. Dei små nakne ljosi laut vi vakta godt, og blåsa ut i tide. Glaskuler og kjøpestas var ikkje kome i handelen, og presanger var sjeldsynte. Eg fekk ein gong eit lite krusabrødfat, og hjå gudmor (den same som gav meg jekti) fekk eg ein rosemåla kaffikopp med asjett, alt heilt og gøymt til i dag. Etter bruken sette vi joletreet opp på sengefjøli (som låg tvert over storsengi ved fotgavlen), så var det or vegen.

Var sa mor ferdig med bordet og torskenakkane var kokte (mor hadde luta dei sjølv med oskelut), kveikte ho joletalgljosi i dei blanke massingstakane og bar maten fram, lutefisk, poteter, smør, flatbrød og mjølkesuppe. Der var duk på bordet og dei finaste kjerald vi hadde. Far las «vangilja», og eit av dei borni som var store nok, las bordbøn føre og etter maten. Bordlester var vi vane med alltid, også om vi fekk maten ut til oss under arbeid i skog og mark med ein flat stein til bord.

Mange stader hadde dei lenge den skikken at alle skulle vera like og liggja i stova jolenatt, og då laut dei stundom nytta flatbrakka på stovegolvet. Eg trur vi hadde sengeplass åt alle. Men eg hugsar godt at mor mange gonger laut laga flatbrakka på stovegolvet når der kom framande og bad om losji og det var for kaldt å liggja i bui. Ho bar ny halm inn på golvet og reidde seng med kvitlar, åklede og høyende (hovudpute) med halm i. Og ho fortalde om gamle truer som hadde levt mellom folk ifrå eldre dagar. Låg det korn på golvet joledags morgonen, varsla det god åring, men låg der halmstrå i kross, varsla det feigdi for einkvan i huset. Men slikt trudde ikkje mor på lenger. Men lampen fekk lov å brenna utover natti, i minsto til alle vi borni var sovna. Så sløkte visst far eller mor han. For mor var alltid på vakt mot eldsvarmen. Meir enn ein kveld når det var storm, gjekk ho rundt huset og såg om det gneista or skorsteinen, og skrudde godt til for trekken så omnen slokna før ho la seg.

Joledag var det kyrkjereis. Alle i besteklede, og dei som hadde fått nye klede eller skor, laut prøva dei då. I kyrkja var det særleg høgtidsamt med di eit korps med ungdom møtte fram på galleriet og spela annakvart vers av salmane saman med orgelet. Og så var der gjerne mange born til dåpen på høgtidsdagane. Jamnast var det snøføre ved joletider, og fadrane og andre kom i sledar med dombjøller på øykselen, så klangen lydest lang veg. Heimkomne hadde mor det gode kyrkjesoddet ferdig åt oss, og så gjekk dagen med lesing i små jolehefte, «Bornetidende», «Bibelbudet», «Familiebladet», for dei som kunne lesa. Dei minste hadde gjerne småting å leika seg med: Ei liti biletbok, liten blekklur å blåsa i, fargeblyantar. Og til joleknask hadde vi små barmeeple og spanske neter, seinare appelsinar.

Men annandag tok omgangen til. Då bad vi naboen sine ungar til oss for «å sjå joletreet». Vi tok det ned att på golvet og song i ring om det, og sidan laut alle gjestene til bords, og før dei gjekk, laut alle få «handamat» med seg heim: ei kringle, ein skillingsbolle, eit fransbrød, ein kakemann eller liknande til manns. Og så vart vi bedne til dei ein annan kveld i helgi. Såleis gjekk ungane att og fram mellom stovene til alle hadde sett alle sine tre og fått handamat.

Dei av oss som var så store at vi hadde vore på bærskog om hausten, hadde gjerne rådd oss til med ei flaske søt saft som vi gøymde til å by gjestene våre «dram» av i joli. Vi hadde til slutt store lager av handa-mat som vi gøymde i tiner og skrin «til seinare» — til det vart hardt som flint! Men vi hadde gode tenner. Og om laurdagskvelden når mor hadde skurt golvet, la vi lageri utover, skulle sjå kven som hadde mest!

Mor hadde prenta inn i oss å ynskja gledeleg jol ( jul, sa vi) nar vi kom inn til folk i helgi. Men ein gamal onkel vår svara alltid: «Takk i lige måde, og dåke da sama!» Det fyrste hadde han kort av danskane på baroniet der han gjekk i arbeid, det siste var nok hans eige ifrå barndomen. På slutten fekk han kr. 2,25 for dagen på baroniet. Dei 25 øre ekstra for lang og tru teneste. For denne betalingi måtte han halda eigen kost.

Seinare i joli fekk vi vera med far og mor til slektningane våre i kyrkjebygdi, og dei kom til oss. Dei vaksne laut få anna enn saft i glaset. Far hadde gjerne noko att av slåtte-ølet ifrå sumaren. Det var teke på flasker og heldt seg friskt. No laut det fram. Hadde han nyleg bore til byen, kunne der vanka ein dram sterkt òg. Elles var der mange som slo seg saman i spleiselag om eit anker brennevin til jol. Men det måtte sendast heim ifrå byen heilt «inkognito» med berre eit par bokstavar på merkelappen og følgjesetelen etter avtale med ekspeditøren. Så vart ankeret henta med båt ein mørk kveld og delt mellom luteigarane i eit godt anoymt naust om natti. Dei var møtt fram med krukker og flasker i sekker til å berga skjenken i hus før folk vakna. Eg tykte det var underleg at dei skulle vera så redde.

Noko særleg jolebukk-turing høyrde vi lite til, og om ein og annan hadde vore løyen i ord eller åtferd i romhelgi, så berre lo gamlingane seg imellom av det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.