Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Olav Omvik forteller…

Husandakt, samling og sundagsskule

Det var jamnast far som las or ein huspostill dei sundagane han ikkje kom til kyrkje. Der var det jamnast preik kvar tredje sundag. Han las or ei bok med lange preiker som tok fleire timar å lesa. Dei var for lærde også for born. Far og mor tvinga oss aldri til å lyda på heile tidi, men vi forstod at dei likte helst å ha oss inne då. Men stundom tok svevnen oss, og stundom i godver laut vi få gå ut og leika. Eldste bror min hjelpte til med lesing då han var blitt stor og konfirmert. Far song salmar etter Landstadboki, men hadde andre tonar enn dei vi lxrde i skulen. Preikeboki var av mag. Ludvig Hofacher, gjennemseet af pastor A. Grimelund (896 sider). Den gamle bibelen vår med treplater i skinnbindet og spenner var trykt i Kjøbenhavn 1806 (femtende oplag) ”efter Arveherre Kong Christian den syvendes christelige omsorg”.

Mor las flittig i «Menneskelivet i Guds ords lys» av dr. Friedrich Ahlfeldt. Denne boki var delt opp i 55 småstykke, til dømes:

1. Fødselsdagen,
2. Hvorfor fødes menneskene saa skrøbelige, og hvorfor borttager Gud saa mange medens de endnu ere barn?
3. Daabsdagen.
4. Forældre bør agte sine barn som en Herrens gave.
5. I forældre, lærer eders barn tidligt at bede!
6. Forældre bør tidlig bryde sine borns egenvillie.
7. Børnenes undervisning.
8. Modarbeid tidlig løgnen hos dine born»
osb. (i alt 44 sider).

Jamt var det samlingar i ei av stovene, vyrkekveld eller sundagskveld når det ikkje var preik i kyrkja. Dei gjekk på omgang på gardane i grendi, helst hjå dei med romsleg stove. Dei bar inn fjøler og la på stolar til benker. Frammed bordet under lampen eller med eit ljos framfor seg sat han som skulle tala. Det var jamnast ein vanleg bonde. Etter ein salme tok han bibel eller nytestamente og las nokre vers, heldt bøn og tala med utgang i det han hadde lese. Etterpå salmesong, og så kunne det henda at einkvan i møtelyden fekk ordet om han ville. Der vart til slutt avtala stad og tid for neste møte. Var ein reisande emissær i bygdi, var det om å gjera å få han til talar.

Sidan dei fekk bygd bedehus i dalen, var samlingane oftast der. Bedehuset byrja dei også med sundagsskule i mi tid. Vanlege bønder var lærarar, seinare ungdom som hadde vore på bibelskule. Andr. Lavik var ofta talar i bedehuset og budde tett ved.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.