Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Olav Omvik forteller…

Innadørs arbeid

Dei lange vinterkveldane nytta kvinnfolki til onnug arbeid ved rokken, og nystehenkene på bu-veggene auka etter kvart. Korn der kjensfolk på vitjing, tykte mor det var gildt å høyra at dei let vel over spunaden.

Budeiene gløtte av og til innom til kvarandre i fjøs og løe for å sjå kor store høyvondlar dei torde våga seg til med eller kor langt andre hadde att til «jolemerket» i høystålet. Eller dei kunne få ein liten prat ved vassholen når dei med vass-selestokken over nakken og dei store tunge trebyttene i krokane bar vatn inn til florskjeret var fullt. Så snart florstjornet var ferdig, var det inn med mjølki, sila – og så til rokken att.

Far tok gjerne ein liten høvelbenk inn i stova, sette opp laggakjerald, stampar, bytter, strippe, mjølkekoller o.l. Og så laut han ta på seg å læra dei av borni (vi var sju) som skulle på skulen til hausten – læra dei lesa. Han sat på ein stol under lampen (kola var det slutt med), og då det var min tur, sat eg på ein krakk framfor han. Han hadde laga ein fin peikepinn med krot på. Og den og ABC-boki heldt han framføre meg og peika. Fyrst var det bokstavane, så staving etter ABC-a. Ein liten tørn mest kvar kveld hjelpte oss godt i veg, så då skulen tok til, var vi bra kjende i ABC-a og kunne stava og leggja saman, ja, reinlesa. Så då eg kom til siste sida, der som hanen stod, greidde eg læra utantil:

«Der var to lige brødre, kan du gjætte hva de blev?
Den ene blev en bager, den anden blev en smed.»

Når spinningi var ferdig, kom rennebommen åt stova. Den vart sett opp på golvet under inste rondabeten, og vi ungane fekk låna han til karusell, medan mor rekna ut kor lang vev ho kunne laga renning til av nystehenkene som ho hadde vege og døyvt (dampa i gryta) for at garnet skulle bli seigt og sterkt. Var garnet fint og grant, kunne ho leggja opp mykje etter morki, var det grovare, laut ho leggja opp mindre, så veven vart stuttare. Og så laut ho rekna ut kor mange trådar i breiddi alt etter kor tett-tinda vevskei ho skulle nytta og om veven skulle bli venda-vadmål eller einskjeft strengja-vadmål. Var så renningane ferdige, kom bommen ut att åt bui og vevstolen inn. Eg tykte alltid det var så morosamt å sjå når far sette vevstolen saman og han og mor hjelptest åt med å få vevrenningi gjennom skilbladet og inn på den store rullen, «presten», dei sa. Så var det mor sitt arbeid å få kvar einaste tråd gjennom hovold og vevskei før vevingi kunne ta til.

Eg trur bomullsgarnet var frå Sverige eller Finland, for eg hugsar der stod svensk reklame-tekst på hespel-pakkane:

«Hvar väverska som öskar bliva rik, bør köpa garn af Tammerfors fabrik, och veven utan knutar bliver, som vore den af bästa lin!»

Alle som berre kunne halda eit nyste, var med på arbeidet. Morosamt ungearbeid var spolingi, så det byttest vi om, sette ein tretein i snellpipa på spolerokken, tok ein halvstiv papirmole ikring spole-pinnen og feste vefttråden, let så rokken dura i veg så nysta dansa i bollen medan spolen voks og vart ferdig på ei handvending, passeleg til skyttelen. Han braka så herleg òg, spolerokken, medan dei fine hardingrokkane gjekk så stilt at eg aldri lærde meg til å høyra om tonen var varplund eller veftlund. Men mor viste kva veg hjulet og snella gjekk når ho spann varp (renning) og at det bar andre vegen på veft (islett). Ho synte meg også korleis trøene måtte handterast til vendavadmål og til einskjeft.

Var vevingi først komi i gang, fortalde larmen av skeiestokken som slo veften i, tydeleg kva slag arbeid som gjekk for seg i stova. Var veven vorten lang nok til at nåli med alnemålsnori kunne flyttast nærare varpet og mor ikkje nådde tøya seg lenger, sette ho ny strek på talfjøli, og så fekk eg stundom hjelpa med å rulla varp av på presterullen og vev inn på vesle klokkaren som voks etter kvart som presten minka. Ein gong vov mor lereft av garn som var i hesplar og som fyrst laut nystast, rennast, vevast. For eit tolmodsarbeid!

Ein kunne høyra larm av vevstolar frå alle stover i tunet mest til same tid, og eg trur det var eit slag kapping om å bli fyrst ferdig med dette arbeidet, som det jamt var med onnearbeidet ute. Far hadde støtt skovøling og halvsoling og griming. Nye skor fekk helst dei eldste som hadde vakse utor sine, dei som vi andre fekk arva. Men ein gong til jul skulle eg òg få nye, og då eg henta dei, laut dei prøvast.

Skomakaren kneip over tåi.

«Nei, kor blir det av foten din?» sa han.

Eg laut seia som sant var at far hadde styrt meg ut med to par sokkar den gongen eg var av stad og fekk teke mål, så skorne kunne vara ei stund for eg voks or dei. Til høgtidsdagane haddc far heile lyden sine skor pussa og smurde på eine rondabeten. Smurning kokte han sjølv saman av talg og sildelyse og tjøre.

Det var mor og eldste syster mi som dreiv med vevingi, og eg tykkjer enno eg ser mor sitja i vevstolen og driva på til langt på natt etter at alle vi andre var lagde, enda ho visst var den fyrste som var oppe om morgonen. Vi vart så vane med klampingi at vi sovna like godt. Eg såg etter at der var full korg med spolar før eg la meg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *