nternt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Olav Omvik forteller…

Kyrkjegang

Når det var rimeleg ver, var preikesundagane kyrkjedag for alle som berre kunne koma laus. Til kyrkja stemde båtane frå øyar og strender, til kyrkja kom folk ruslande etter bygdevegane, ofte kom dei fyrst som hadde lengst veg, gamle gråskjeggen som tungt stødde seg på staven, mann og kone, dei vonfulle unge og dei undrande små som far og mor laut leia. Dei skrei høgtidsame og alvorlege gjennom kyrkjeporten alle saman. Karane helsa med hatten dei fyrste klokkemalmtonane (presten også når han kom i ornat ifrå prestegarden) og las i hatten når dei sette seg – til høgre i kyrkja. Det same gjorde dei ved gravi når dei sa ein granne farvel. På kyrkjegarden der ute kvilde dei, fedrar og frendar. Heilag jord, heilage minne! Frå bondegarden til kyrkja, frå kyrkja til bondegarden med livsens hage vigsling som barn, som ungdom, som mann og kone, og så tilbake til kyrkjegarden til fedrane å kvila når livsstriden var stridd – såleis var livsens gode lagnad.

Far tok oss med til kyrkja medan vi var små, og vi var gjerne så tidleg ute at han fekk tid til å helsa på skyldfolk og sjå om gravene før vi gjekk inn i kyrkja. Han hadde fast plass nede i kyrkja, men når eg var med som barn, fann han helst plass åt oss på fremste benken på orgelgalleriet. Derifrå såg eg over heile kyrkja, altaret, preikestolen, det innebygde sidegalleriet med baroni-huslyden og alle dei rare soler og månar og stjerner som var måla oppi den blå takkvelvingen. Lite skjøna eg vel av preika, og lang tykte eg ho var, men når far såg at eg vart trøytt eller svevnug, stakk han til meg ein brødskalk eller skivemole til å gnaga på så eg roa meg. Det var lensmannen vår som spela på orgelet, og eit ungdomskor song ritualsvari. Attmed han sat ein unggut og trødde «vind i arga».

Etter tenesta samla mange seg om lensmannen utpå kyrkjebakken, der han las kunngjeringar om auksjonar, rettsmøte, skiftesamling, «loddtrekning» osb.

Der stod firhjult vogn og to borkute hestar og kusk til å køyra stamhuslyden (baronen) heim til borgi (slottet).

Mor laut jamnast vera heime og sjå til eitkvart og ha maten ferdig til kyrkjefolket kom. Den gamle prosten vår, J. E. Unger, heldt alltid altarteneste ein torsdag om våren og ein om hausten, og då gjekk far og mor til altars. Alle laut den tidi melda frå til klokkaren på førehand, «at tegne til alters den … N. N. og hustru N.» Prosten hadde hatt Blix til lærar og var glad i salmane hans og lærde oss dei til konfirmasjonen, men hadde mykje motbør då han ville føra dei inn i kyrkja. Han var den fyrste norske presten som nytta nynorsk til kyrkjemål.

Ein gong gløymde han å «begjære menighedens forbøn» for ein gamal som låg sjuk. Men om kvelden same dagen kom han eins ærend den lange vegen til mannen sin heim og heldt bøn og andakt der. Det var han, prosten, som dikta «Nei, sjå snøen».

Ein haust under brislingfisket fekk bror min vera med far til kyrkje for fyrste gong, og då dei kom heim att, spurde bestefar om guten håtta kva presten sa. «Han sa, holloy, no går noto i sjød’n!» svara gutungen. Då lo bestefar så godt. Eg var berre barnet då bestefar døydde.

Nyårsnatti 1900-1901 var det for fyrste gong midnattsteneste i gamle Kvinnherad kyrkje. Klokkar Arne Stuland hadde hengt opp ei tavle i korbogen med tall 1900-1901 utskorne med ljos bakom og ei liti luke som stengde ljoset borte frå 1901. Men medan prost Unger stod på stolen i bøn og klokkene ringde det nye hundreåret inn klokka 12 natt, drog klokkaren stilt i ei snor så luka gøymde 1900 og ljoset kom på 1901. Gripande, tykte eg.

Gamleprosten nøgde seg med den gamle offermåten høgtidsdagane også etter at fast løn var innførd, og då han låg for døden, bad han om at ingen måtte kosta gartnarkransar til båra hans, men heller gje pengane til fattigpleia. Men born og ungdom pynta båra hans fint med grønt og markblomar. Ein bautastein står over gravi til prost Unger ved den gamle kyrkja hans.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.