Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967

Olav Omvik forteller…

Legdefolk

Alt som gutunge tykte eg det var eit sørgjeleg kapittel dette at gamle menn og kvinnor skulle måtta reka rundt frå mann til mann ei veke eller to etter så stor garden var. Eg såg to legdekarar i mi tid og høyrde gjete ein tredje. Berre ein kom til oss. Han laut liggja i fjøset hjå oss som hjå andre. Stovene var for tronge når dei skulle hysa heile lyden, og så var det at ein ottast at legdemannen ikkje var rein for uty. Men det var reidd opp i ein ledig kubås med ny halm og skikkelege sengeklede, og han fekk koma heim i stova og eta alle mål.

Det verste var at mannen var ein storrøykjar og fekk ikkje lov til å røykja i floren. Vi laut gøyma stikkene så han ikkje fekk dei anna enn i stova der vi gjette på han for varmen, kan ein veta. Han røykte kritpipe, men beit av munnbiten inntil han var så stutt at han ville skambrenna seg. Så var det for meg å gå til handelsmannen etter ei ny til to øre. Om det var så at han likte best kritpipe, eller ingen ville kjøpa han ei skikkeleg pipe, fekk eg aldri rett greie på. For å spara på tobak¬ken var det sume som blanda turka potet- eller gulrotlauv i når dei karva bladtobakk til han. Men ein stad hadde dei fulla vore for tunge på handi med lauvet, så då sa han til husmori:

«Nei mi sann, morr, var det betre du gav ei ku det i høyet!»

Fleire gonger når han fekk røykjeriene på seg, kom han stavrande midt på natti åt stova og ville røykja. Då knurra far, men let han få lov, for i floren var det umogeleg for eldsfaren, kan ein veta. Ein dag etter han var flytt ifrå oss og til naboen vår, sat han på ein krakk i tunet og saga ved. Eg og ein annan smågut stod og såg på. Best som det var, stupte han av krakken og vart liggjande. Vi vart så redde at vi sprang vekk, men hadde augo med oss og såg kva det vart til med han. Då kom det to mann og bar stakkaren inn i floren. Tenk inn i floren då også! Dei sa han hadde nedfallssykje.

Om dei no ikkje plent var med og fann opp krutet desse legdekarane, så hadde då visst mange av dei vore arbeidsame tru-sleparar i yngre år og ikkje fortent så trist ein alderdom. Der levde sume visdomsord etter dei. Ein hadde mist sigden sin på brakeskog, og då dei spurde om han ikkje leitte etter han, svara han:

«Å jau, eg leitte rett òg, so i nevane, ja!»

Ein annan sa etter ei haglbye midt på varmaste sumaren:

«Ja, sku ‘an klåra på detta, så blir da ei spelo gongfør!»

Eg trur alle vaksne tykte synd i stakkarane, og ungane fekk ikkje lov til å pyklast med dei eller gjera narr av dei. Den siste legdekaren eg høyrde om, skulle få vera berre hjå stamhuseigaren på baroniet og hjå soknepresten, så han slapp reka på bygdi lenger. Han vart 99 år gammal.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.