Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Olav Omvik forteller…

Ljos og varme, helsingar

Der var arbeidsglede i gamletunet. Røde og skjemt og song kunne ein høyra ifrå stovene der dei putla kvar med sitt om vinterkveldane i skinet fra små flatbrennar-lampar eller talgljos som mor støypte av sauetalg. Kola såg eg aldri i bruk, men ho hang på stabburet.

Sulla og song gjorde budeia både på stølsvegen og som rakstetaus på slåtteteigen. Tungt var arbeidet jamt og lang var arbeidsdagen, men lite gnål og klage å høyra. Husbondsfolki var gjerne fyrst oppe, og det var mor som tendra i omnen. Ho eller far smidde nokre gode turre kveikjesponer om kvelden og la dei i omnskråi til bruk om morgonen. Eg såg aldri flint og stål og knusk i bruk, men høyrde snakk om den tid folk sprang til grannen og lånte varme (glør) når dei såg det rauk der. Det var fulla ifrå den tidi det ordtaket hadde laga seg at «dei skunda seg som om dei skulle henta varme». Var det glør i omnen, kunne vi få eld med stive svovelstikker som vi laga oss av beine sponar, duppa i svovel. Eg laga sjølv ein heil bundt med slike stikker som tok fyr når vi stakk dei ned på ei glo. Mor kveikte ljoset i skjålykti med dei. Men mest brukte vi stikker med svovel og fosfor på. Dei kjøpte vi hjå handelsmannen for 10 øre pakken à 12 øskjer. (Eit brev kosta også 10 øre i porto.)

Svovelstikker var lette å få fyr i. Ein kunne berre stryka dei fort mot broklåret, så fatna dei om du ikkje nytta øskja, og difor var dei farlege når ungar fekk tak i dei, giftige også med svovel. Men så kom «sikkerhets-stikkene» utan svovel. Dei laut strykast på øskjekanten. Dei fyrste «sikkerhets-stikkene» var svenske, for på kvar ønskje stod det:

«Säkerhetsstikkor tändast endast mot lådans plan.»

Far tykte svovelstikkene var best når vi skulle mina stein, for dei bles ikkje så lett ut når han ville kveikja lunta.

Når folk møttest etter vegen, helsa dei «gudag og signa møtet» eller «kvila» eller «arbeidet» som høva kunne. Var det ein framand, gav han seg gjerne i snakk med far, som litt etter kvart fekk vita kor den karen var ifrå og kva ærend han førde og kva folk han vardest på – utan å vera spurvis. Og når dei skildest, bad framandkaren farvel, men aldri «adjø» eller «ha da!»

Ikkje trur eg nokon nytta «god middag-helsing» heller. Middag eller daur heldt vi ikring klokka 12. Vi stod ikkje med klokka i neven, men såg om soli stod over Tverrfjellet. Elles kom det an på kva slag arbeid vi stod med. Truga det med regn, kunne vi ikkje springa ifrå turrhøyet eller sætingi, så middagsmaten eller nonsmaten laut venta. Stod soli over Nonshaug, var det nonstid. Men dala ho over Øyevatn, var det kveld, og høg kveld når liene halvskygdest. I slåttonni stod folk med ljåen radt til soli var gladd. Det var ingen 8-timans dag!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.