Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Olav Omvik forteller…

Maling og baking

Vi var tre mann om kverni vår, og far laut samrå seg med dei andre om børten. Det laut gjerast med det var flaum i elvi. Først laut kornet turkast i eldhuset, og når far tok det av turkeomnen der, gav han det gjerne ein omgang med dryftetrauet før han bar sekk etter sekk til kverni og kom heim att med mjøl i saueskinnshiti som han tømde i mjølbyrda (kista) på stabburet.

Mor budde seg til med flatbrødbaking i svali med bakstebordet på krakken så nær grua at ho kunne manøvrera leivane til og frå bakstehella og passa varmen under hella samstundes. Eg tykkjer enno eg kjenner den gode smaken av fersk havresmørbete. Eg hugsar ikkje kor mange tjug leivar mor laut kalkulera med åt huslyden sin, men det laut vera to høge ruver på stabburet. Og hadde vi bra med poteter, gulerøter og neper i kjellaren og så ei tunne salta brisling (à 50 øre skjeppa) under lemtroppi i svali, tykte far og mor vi var godt rusta, ja, og så pølse, kjøt og flesk og røykt vårsild på stabburet når så langt lei. Eit gamalt landnot-bruk i grendi var ute om hausten når der kom brisling i fjorden — med folk ifrå gardane ikring til mannskap. Sjølv var eg med ein dag for far i storebåten og fekk sitja fremst der årane var lettast.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.